
Slå av AIS-sendaren din
Fleire fritidsfartøy ligg i vinteropplag med AIS-sendaren på. Det fører til mange unødvendige AIS-mål på skjermane til andre fartøy. Det utgjer ei ekstra ulempe i den mørke årstida.
Fyrst og fremst er det viktig å understreka at AIS er bra og fornuftig, men vis omsyn og slå han av når båten ikkje er i bruk. Det er i alle fall ikkje naudsynt med AIS når båten står i hagen.
Spesielt for ferger kan detta vera ei utfordring då det fører til mange unødige AIS-mål på skjermane deira.