Hopp til hovedinnhold

Sjøfartsdirektoratet representert ved dåp av ny elektrisk ferje

Sjøfartsdirektoratet var tilstades under dåpen av MF Hinnøy i Tromsø denne veka. Ferja er eit nybygg frå Cemre-verftet i Tyrkia, og skal trafikkere sambandet Bognes–Lødingen.

Gudmor var næringsminister Cecilie Myrseth, og gjestene fekk oppleve ein flott rundtur rundt Tromsøya. 

Profilbilde

Det var ei ære å få delta på vegner av Sjøfartsdirektoratet. Samstundes var det kjekt å vise til det gode samarbeidet med både rederi og verft i prosjektet, seier Sonja Elisabeth Hillersøy-Ådnesen, som er underdirektør for passasjerskipsavdelinga i Sjøfartsdirektoratet. 

MF Hinnøy er ei framtidsretta elektrisk ferje som skal bidra til grønare sjøtransport, og direktoratet gratulerer med eit flott fartøy.