Hopp til hovedinnhold

Maritim veke: Rekordmange på sjøtryggleikskonferansen

Det var rekorddeltaking då årets sjøtryggleikskonferanse under Maritim veke i Haugesund opna torsdag. Nær 420 deltakarar fylte salen då sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim ønskte velkomen.

I opningstalen løfta Sørheim fram nullvisjonen og arbeidet med å styrkje tryggleiken på sjøen. 

 

Profilbilde

– Eg går på jobb kvar dag med eitt mål for auge: At det vi gjer saman kan redde

liv på sjøen, sa sjøfartsdirektøren i sitt opningsinnlegg. 

Årets program dekker fleire sentrale tema: 

  • Ulykkestala frå 2024 og status for 2025 
  • Nullvisjonen og tryggleiksarbeidet framover 
  • Nye regelverk, som batteriforskrifta og begroingsforskrifta 
  • Resultat frå undersøkingar om maritim tryggleik 
  • Arbeidsmiljø, helse og læring av hendingar 
  • Datakvalitet i norske sjøkart 
  • Kompetansebehov knytt til nye drivstoff som ammoniakk 
  • Korleis skape tryggare og meir inkluderande arbeidsplassar 

Konferansen samlar breitt frå næring, forsking og forvaltning, og er blitt ein viktig arena for å dele erfaringar og kunnskap for å hindre ulykker og styrke sikkerheitskulturen i maritim sektor. 

Maritim veke samlar folk frå heile den maritime næringa – frå beslutningstakarar til tilsette og samarbeidspartnarar. Målet er å skapa ein felles møtestad for møte, læring og samarbeid.