
Hydrostatutløysar for flåte blir feilmontert
Sjøfartsdirektoratet har under inspeksjonar observert at redningsflåtar ikkje er montert rett om bord i skip. På grunn av feilmonteringa vil flåtane henga fast i skipet i staden for å flyta fritt etter oppblåsing.
Det er krav til at kvar redningsflåte, eller gruppe av flåter, skal stuast med eit friflyt-arrangement (hydrostatutløysar) slik at kvar av dei flyt fri og bles seg opp automatisk dersom skipet synker.
– Sjekk at flåtane om bord er montert korrekt. Dette er særleg viktig etter at flåtane har hatt service og skal monterast tilbake i skipet, seier Anita Strømøy, som leier Sjøfartsdirektoratets kompetanseforum for redning.
Dersom det er tvil om korleis flåte og hydrostatutløysar skal festast må det søkast informasjon om dette før skipet går frå kai.
Videoar og steg-for-steg instruksar frå leverandør er nyttige hjelpemiddel som er lett tilgjengelege på internett.