Hopp til hovedinnhold
inspektør om borfd på eit fartøy
Inspektørar blir utstyrte med ei ekstra sjekkliste for stabilitet under hamnestatskontrollar i kampanjeperioden.   Foto: Steinar Haugberg, Sjøfartsdirektoratet

Hamnestatskontrollar har stabilitet som kampanjetema

Paris og Tokyo MoUs årlege hamnestatskampanje har i år stabilitet som tema. Frå 1. september til 30. november vil difor ei ekstra sjekkliste om stabilitet bli brukt under hamnestatskontrollar.

Sjekklista skal sikra at mannskapet kan vurdera fartøyets faktiske stabilitet etter lasting, på alle stadier av seilasen og stadfesta at skipet oppfyller gjeldande stabilitetskrav. Kampanjen skal også bidra til å auka kunnskapen blant mannskap og reiarlag om kor viktig det er med gode stabilitetsberekningar. 

Gjennom dei tre kampanjemånedane er det venta at hamnestatane som er medlemmer av Paris MoU og Tokyo MoU utfører rundt 10.000 inspeksjonar. 

Les meir og finn sjekklista her.