Hopp til hovedinnhold
Ca. 20 personer samlet. Foto tatt ovenfra.
Denne gjengen var samla til workshop i Haugesund nyleg.   Foto: Hedda Grip Vikse, Sjøfartsdirektoratet

Forskar på følgene av automatisering

Sjøfartsdirektoratet er involvert i eit spennande sosialantropologisk forskingsprosjekt leia av forskarar frå Universitetet i Bergen, som ser på følgene av automatisering i maritim industri. Nyleg var involverte partar samla til arbeidsverkstad på hovudkontoret vårt.

– Dette er eit veldig spennande forskingsprosjekt som me i Sjøfartsdirektoratet kan dra stor nytte av, fortel Therese Landås, som var med under workshopen i Haugesund 11.–12. november. Prosjektet, som skal sjå på kva følger den storstilte automatiseringa i maritim industri får for samfunn, arbeidsrelasjonar og risikohandtering, har fått 17 millionar kroner i støtte frå Norges Forskningsråd.

Går over fire år

Både Sjøfartsdirektoratet, Avo Consulting, Simsea, Haugesund kommune Knutsen OAS og NTNU stilte med representantar på arbeidsverkstaden, i tillegg til delegasjonen frå UiB. Det er professor i sosialantropologi ved UiB, Cecilie Vindal Ødegaard som leier det fireårige prosjektet.

Du finn meir informasjon om prosjektet her.