Fartøy som blir brukte av opplæringsinstitusjonar
Ny forskrift om fartøy som blir brukte av opplæringsinstitusjonar tok til å gjelde 1. oktober 2022. Her finn du info om forskrifta og registreringsskjema for føretak.
Forskrifta gjeld for norske fartøy med 35 eller færre personar om bord som blir brukte av opplæringsinstitusjonar.
Fartøyet må ha ei største lengd under 24 meter, gå i innanriksfart og operere i maksimum 15 knop. Personar om bord som ikkje inngår i bemanninga, skal vere knytte til opplæringsinstitusjonen.
Med opplæringsinstitusjon er meint ein institusjon som er omfatta av barnehageloven, grunnskuleopplæringa i opplæringslova, grunnskuleopplæringa i friskolelova eller folkehøyskoleloven.
Krav om registrering av føretak
Fartøy som følgjer forskrifta, skal ikkje sertifiserast av Sjøfartsdirektoratet. Men før passasjertransporten startar, skal reiarlaget registrere opplysningar om verksemda på denne sida.
Regelverk
Forskrift om fartøy som blir brukte av opplæringsinstitusjonar
Forskrift om fartøy som blir brukte av opplæringsinstitusjonar (rundskriv)