Hopp til hovedinnhold

Trakassering og varsling

Diskriminering og seksuell trakassering er forbode ved lov. Alle som jobbar om bord, har rett til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø utan urimeleg forskjellsbehandling og trakassering. Trakassering skjer når ein person blir utsett for uønskte negative handlingar, manglande handling eller ytringar som verkar krenkjande, skremmande, fiendtlege, nedverdigande eller audmjukande, eller som har til føremål å gjere dette.

Ingen skal kjenne på frykt for å gå på jobb i den maritime næringa. Kvar enkelt arbeidsgivar har ansvar for å sikre at ingen opplever trakassering eller seksuell trakassering på arbeidsplassen.

  • Arbeidsgivar skal organisere og leie arbeidet slik at ingen arbeidstakarar blir utsette for trakassering. Skulle trakassering likevel skje, har arbeidsgivar ansvar for å følgje opp hendinga i etterkant.

    Arbeidsgivarar og leiarar i verksemder har plikt til å førebyggje og forsøkje å hindre trakassering. Arbeidstakarar skal melde frå til arbeidsgivar eller verneombod dersom dei blir informerte om trakassering eller diskriminering på arbeidsplassen. Brot på plikta til å førebyggje trakassering blir handheva av Diskrimineringsnemnda. Likestillings- og diskrimineringsombodet og Sjøfartsdirektoratet kan gi råd og rettleiing.

    Du finn meir informasjon om arbeidsgivars plikter på nettstaden til Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO). 

  • Isolasjon og tett samhald: Sjøfolk jobbar ofte på skip i lange periodar, langt frå land, og er fysisk isolerte frå samfunnet. Det avgrensar moglegheita til å få hjelp utanfrå og gjer dei avhengige av kollegaene sine for sosialt samvær. Slike tilhøve kan forsterke konfliktar og gjere det vanskelegare å unngå mobbing.
    Redusert privatliv: Skip har ofte tronge omgjevnader med lite rom for privatliv, noko som kan gjere det utfordrande å unngå personar som mobbar. Når ein både bur og arbeider på same stad, kan spenningar mellom kollegaer lett bli forverra.
    Hierarkisk struktur: Sjøfartsyrket har ofte eit strengt hierarki der kapteinar og offiserar har stor makt over underordna mannskap. Denne strukturen kan stundom føre til maktmisbruk, der mobbing blir oversett, spesielt når det overordna som mobbar.
    Langvarige kontraktar og uvisse: Sjøfolk kan vere tilsette på lange kontraktar eller mellombelse vilkår, og frykta for å miste jobben kan gjere det vanskeleg å melde frå om mobbing.
    Kulturelle forskjellar: På internasjonale skip er det ofte eit stort mangfald av nasjonalitetar og kulturar. Dette kan føre til misforståingar, diskriminering eller urettferdig behandling som kan eskalere til mobbing.
    Psykisk belastning: Lange periodar borte frå familien, stress og fysisk krevjande arbeid kan gjere sjøfolk meir sårbare for psykisk ubehag, noko som også kan bidra til eit arbeidsmiljø der mobbeåtferd lettare kan oppstå.

  • Førebygging inneber å setje i verk tiltak som skal hindre at trakassering skjer. Dette kan omfatte haldningskampanjar, utforming av retningslinjer og etablering av eit internt klage- eller kontrollsystem for rapportering av trakassering. Den ansvarlege bør gjere det klart at trakassering er uakseptabelt, og informere om konsekvensane dette kan få for både den enkelte og arbeidsmiljøet.

    Likestillings- og diskrimineringsombodet gir råd og rettleiing om lovverket som forbyr trakassering. Innen sjøfart rettleier også Sjøfartsdirektoratet og fører tilsyn med regelverket. Den som trakasserer, kan også bli halden ansvarleg etter straffelova, som forbyr omsynslaus åtferd.

    Reiarlaget bør som minimum ha følgjande seks tiltak i sine retningslinjer for førebygging og handtering av trakassering og seksuell trakassering:

    1. Kartlegg, i samarbeid med dei tilsette, kva risikoar som finst på arbeidsplassen, og gjennomfør førebyggjande tiltak.
    2. Utarbeid reglar for åtferd.
    3. Etabler gode rutinar for melding av seksuell trakassering og trakassering, og beskriv korleis slike hendingar skal handterast. Informer alle tilsette om desse rutinene.
    4. Brott på rutinar og retningslinjer skal føre til reaksjonar mot den som trakasserer.
    5. Leiarens ansvar for å førebyggje og handtere seksuell trakassering skal vere tydeleg.
    6. Ha opne samtalar om seksuell trakassering og trakassering på arbeidsplassen.

    Sjøfartsdirektoratet kan rettleie og tilbyr et opplæringsopplegg om mobbing og trakassering.

  • Trakassering
    Trakassering skjer når ein person blir utsett for uønskte og negative handlingar eller ytringar som har som mål å krenke, skremme, nedverdige eller audmjuke. Dette kan for eksempel vere uønskt seksuell merksemd, plaging, utfrysing eller sårande fleiping og erting. Dei viktigaste kjenneteikna på trakassering er at framferda er uønskja og ikkje oppfordra.

    Trakassering kan ta mange former, og mobbing og seksuell trakassering er dei mest kjende. 

    Mobbing
    Mobbing skjer når negative handlingar systematisk og vedvarande blir retta mot same person. Mobbing er ei form for trakassering.

    Mobbing kan ta mange former. Eksempel på mobbing kan vere

    • å bli utelukka frå det sosiale nettverket på jobben
    • å bli stadig forbigått eller oversett når oppgåver skal fordelast
    • å bli uriktig eller overdrive skulda for dårleg arbeid
    • å bli erta
    • å bli fleipa med
    • å bli latterleggjort

    Mange kan oppleve slike episodar av trakassering. Sjølv om dette er uheldige situasjonar, må episodane skje gjentatte gonger og over tid før det kan kallast mobbing.

  • Seksuell trakassering kan manifestere seg både fysisk, verbalt og ikkje-verbalt (som kroppsspråk). Det kan dreie seg om alt frå uønskte seksuelle kommentarar om kropp og utsjånad, klåing, tafsing og berøring, til seksuelle overgrep. Å vise bilete eller videoar med seksuelt innhald kan òg vere seksuell trakassering.


    Det er ikkje eit krav at den seksuelle trakasseringa må vere gjentakande. Enkelthendingar eller ytringar kan også vere trakassering.

    Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) har laga ein eigen rettleiar for førebygging og handtering av seksuell trakassering på arbeidsplassen. På LDO sine nettsider kan du finne meir informasjon og webinarar om temaet.

  • Likestillings- og diskrimineringslova bruker ikkje omgrepet "konflikt", og det er heller ikkje ulovleg å vere i konflikt med nokon. 

    Dersom partane er usamde, men det er balanse i styrkeforholdet, handlar det ofte om ein konflikt heller enn mobbing. Konfliktar der to eller fleire partar er usamde om noko, er ein normal del av samhandling mellom menneske og er ikkje nødvendigvis skadeleg. Derimot er mobbing eit overgrep og noko ein ikkje skal måtte oppleve i arbeidskvardagen.

    Det er ikkje alltid likskapsteikn mellom å vere i ein konflikt og å ha eit arbeidsmiljøproblem. Men dersom ein konflikt ikkje blir handtert på ein god måte, kan den utvikle seg til mobbing og trakassering dersom konflikten blir personleg heller enn sakleg. Dersom konflikten eskalerer og nokon blir utsette for psykiske belastningar, bryt det med kravet i skipssikkerhetsloven § 1 om å ha eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.

    Det viktige er at arbeidsgivar handterer situasjonen og undersøker kva arbeidsmiljømessige konsekvensar situasjonen kan ha for dei involverte. Dersom situasjonen medfører negative konsekvensar for arbeidstakarane, må det setjast i verk formålstenlege tiltak for å gjenopprette ein forsvarleg arbeidssituasjon.

  • For individet:
    Trakassering blir ofte opplevd som krenkjande og isolerande og kan føre til alvorlege helseplager for den som blir utsett for det. Dette kan inkludere psykiske plager, muskel- og skjelettplager, samt psykosomatiske plager. Når ein person blir utsett for negative handlingar over lengre tid utan moglegheit til å forsvare seg, aukar risikoen for slike helseplager. Sjøfolk er meir utsette enn landbaserte arbeidstakarar. Dei lever og arbeider i same miljø over lengre periodar, utan å kunne forlate arbeidsplassen, skifte sosialt miljø eller få støtte utanfrå for å unngå mobbinga.

    For tryggleiken om bord:
    I tillegg til konsekvensane for individet, utgjer mobbing ei alvorleg trussel mot tryggleiken til sjøs. Ei undersøking utført av Sjøfartsdirektoratet om maritim tryggleik i 2023 viste at dei som har opplevd mobbing, har nesten dobbelt så stor risiko for å ha vore involvert i situasjonar som har utvikla seg til alvorlege ulukker, eller som kunne ha ført til slike ulukker, samanlikna med dei som ikkje har opplevd mobbing. I same gruppe er det også gjennomgåande fleire negative svar på spørsmål som direkte eller indirekte omhandlar tryggleiken for dei tilsette om bord.

    For omdømmet og produktiviteten:
    Trakassering kan ha store konsekvensar for verksemda. Det kan føre til dårleg arbeidsmiljø og auka sjukefråvær, både for den som blir utsett for trakasseringa og for kollegaene rundt. I tillegg kan det skade omdømmet og påverke produktiviteten i verksemda og heile næringa. Trakassering kan også føre til høgare gjennomtrekk av arbeidstakarar og gjere det vanskelegare å rekruttere nye, noko som kan få langvarige konsekvensar for både arbeidsmiljø og økonomi.

Varsling av mobbing og trakassering

  • Dersom du opplever mobbing eller seksuell trakassering, er det viktig at du søkjer hjelp og støtte, og varslar om hendinga. Ikkje stå aleine, men del problema med nokon du stolar på. Dette kan vera leiaren din, verneombodet, ein god kollega eller folk du kjenner godt, som familie og venner.

    Dersom det er vanskeleg å ta saka vidare med leiar eller vernetenesta manglar, kan du kontakte HR-avdelinga eller andre utpeika personar i landorganisasjonen for fartøyet. Er du organisert i eit fagforbund, kan du kontakte tillitsvald som kan hjelpe deg gjennom prosessen. 

    Er du vitne til at nokon andre blir mobba eller trakassert, bør du støtte kollegaen din og varsle arbeidsgivar og verneombod om hendinga. Vær tydeleg på at mobbing ikkje er ei privatsak, men noko som angår heile arbeidsplassen, og som det er viktig å ta tak i.

    Reiarlaget har plikt til å setje i verk nødvendige tiltak for å førebyggje og handtere mobbing. Dette inneber mellom anna å undersøkje alle mobbesaker som blir varsla.

    Du kan også sende bekymringsmelding eller tipse om kritikkverdige forhold til Sjøfartsdirektoratet her: Tips oss - Sjøfartsdirektoratet

    Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) tilbyr gratis rettleiing for alle som har spørsmål om diskriminering. Dei kan hjelpe deg med å finne løysingar på saka di eller vise deg til den rette instansen dersom dei ikkje er den rette hjelpa for deg. Du kan også lese meir om trakassering og seksuell trakassering, arbeidsgivarens plikter og kva du kan gjere dersom du opplever dette. 

Oppslag på fartøyet

  • Her finn du ein plakat med nyttig tips om korleis ein kan førebyggje og handtere trakassering på alle nivå: individnivå, gruppenivå, skipsleiing og reiarlag. Skriv ut plakaten og heng den opp om bord på fartøyet. (Side to inneheld ei samanfatning av reglar og sjekkpunkt frå Sjøfartsdirektoratet for obligatoriske tilsyn.)

Førebyggjande arbeid i sjøfartsnæringa

  • Med bakgrunn i mobbetall frå maritime undersøkingar etablerte NHO Sjøfart ein eigen bransjestandard i 2024, støtta av Norsk Maritim Kompetanse.

    NHO Sjøfarts bransjestandard

    Du kan laste ned bransjestandarden her: nho-sjofart_rapport-bransjeprosjekt.pdf

     

  • Sjøfartsdirektoratet ønsker å bidra til å dele informasjon om gode bransjeinitiativ som har til formål å  forebygge og hindre risikofaktorer i arbeidsmiljøet.

    Tips oss gjerne om andre tiltak og kampanjer som vi kan informere om på denne siden.