Hopp til hovedinnhold
Rundskriv

Sertifisering av hurtiggående passasjerfartøy under 24 meter

Dette rundskrivet gjeld passasjerfartøy i innanriksfart som ikkje fell inn under verkeområdet i forskrift 5. januar 1998 nr. 6 om bygging mv av hurtiggående fartøy (hurtigbåtforskrifta) og som skal byggast frivillig etter HSC2000-koden.

Dato: 05. mai 2020
Serie RSV
Nummer RSV 11 - 2020
Saksnummer 2020/34382-1
Vedlegg Last ned som PDF
Hovudregelen for hurtiggåande passasjerfartøy med lengde (L)1 under 24 meter i innanriksfart er at dei skal ha passasjersertifikat, jf. forskrift 22. desember 2014 nr. 1893 om sertifikat m.m. for norske skip og flyttbare innretninger § 20. I tillegg skal slike fartøy ha radiosertifikat jf. § 22.

Me erfarer at mange reiarlag ønsker å bygga og utrusta hurtiggåande fartøy under 24 meter i samsvar med krava i den internasjonale hurtigbåtkoden (HSC2000-koden). Sjøfartsdirektoratet har hatt praksis for å akseptera dette som ei likeverdig løysing. Praksis fram til no har vore at sertifikatkravet står fast og fartøyet har fått operere med passasjersertifikat. Det er innvilga unntak frå dei ulike bygge- og utrustningsforskriftene enkeltvis.

Etter ei evaluering av denne praksisen, viser det seg at oppfølginga etter sertifisering er krevjande både for reiarlag og tilsyn. Det har vore vanskeleg å følga opp at fartøyet oppfyller dei tekniske krava dei er bygde etter, inkludert operasjonelle restriksjonar som vart lagt til grunn i byggeperioden, samt følga opp eventuelle oppgraderingskrav i HSC-koden som blir gitt med tilbakeverkande kraft.
 

Ny praksis frå 5. mai 2020 

Sjøfartsdirektoratet vil framleis tillata HSC2000-koden som likeverdig løysing når reiarlaget ønsker det. For å sikra at fartøyet blir følgd opp gjennom levetida, vil direktoratet i framtida utferda sertifikat som samsvarer med regelverket fartøyet er bygd etter. Det vil sei at nye fartøy under 24 meter også kan få Sikkerhetssertifikat for hurtiggående fartøy og Operasjonstillatelse for hurtiggående fartøy når dei er bygd etter HSC2000-koden.
 
Verftet eller reiarlaget må opplysa skriftleg i «Anmeldelse av nybygg» at dei ønsker å nytta HSC2000-koden som likeverdig løysing. Direktoratet vil då fatta eit enkeltvedtak med heimel i forskrift 22. desember 2014 nr. 1893 om sertifikat m.m. for norske skip og flyttbare innretninger § 41 første ledd bokstav c. Vedtaket vil frita fartøyet frå kravet i § 20 om passasjersertifikat og § 22 om radiosertifikat. Det vil vere ein føresetnad at fartøyet i staden oppfyller hurtigbåtforskrifta.
 
Det vil bli gjennomført førstegangstilsyn på vanleg måte og ved fullført tilsyn vil fartøyet få sikkerhetssertifikat og operasjonstillatelse i samsvar med hurtigbåtforskrifta og HSC2000-koden. Alle påfølgande tilsyn vil bli gjort i samsvar med krava i hurtigbåtkoden, og reiarlaget vil vera plikta å følgje eventuelle nye krav i koden når slike krav har tilbakeverkande kraft.
 
Eksisterande fartøy under 24 meter som er bygd fullt ut etter HSC2000-koden kan få Sikkerhetssertifikat for hurtiggående fartøy og Operasjonstillatelse for hurtiggående fartøy etter ei individuell vurdering i kvart enkelt tilfelle.
 
1 Viser til definisjon i HSC-koden