Maritime sertifikat
Sjøfartsdirektoratet utferdar maritime sertifikat på grunnlag av:
- Dokumentkontroll
- Verifikasjonar om bord
- Reiarlaget sitt tryggleikstyringssystem
Vedlegg til farts- og driftssertifikat
Sjøfartsdirektoratet utferdar følgjande vedlegg:
- Annex I: Operasjonsavgrensingar
- Annex II: Aksepterte dispensasjonar
Førstegangsregistrering
Ved førstegangsregistrering av flyttbar innretning (nybygg, innflagging eller omregistrering frå anna fartøysgruppe), vil hovudsakleg Sjøfartsdirektoratet sine avdelingar "Lasteskip og flyttbare innretningar" og "Skipsregistrene" vere involvert i prosessen.
Lasteskip og flyttbare innretningar vil gjere tilsyn med fartøyets tekniske og operasjonelle sikkerheit, medan avdeling Skipsregistra vil registrere fartøyet i norsk skipsregister.
For å starte prosessen sender ein inn skjema "Application for certification – Mobile Offshore Unit" til post@sdir.no.
Det vil då bli invitert til eit oppstartsmøte. Norsk kjenningssignal, samt eventuelt IMO-nummer, blir tildelt på grunnlag av denne meldinga. Det skal vidare sendast inn dokumentasjon til begge avdelingane.
Lasteskip og flyttbare innretningar vil be om dokumentasjon iht. dokumentliste, medan avdeling Skipsregistrene vil be om dokumentasjon og skjema for Nyregistrering av næringsfartøy over 15 m eller Nyregistrering i NIS.
Ta gjerne kontakt med avdelingane for naudsynte avklaringar.
Fornying av sertifikat
Ved fornying av sertifikat skal dei nyaste forskriftsversjonane leggast til grunn. Reiarlaget må då utarbeide og sende inn GAP-analyser til Sjøfartsdirektoratet.
I tillegg skal reiarlaget vurdere tidlegare aksepterte dispensasjonar (Annex II) med tanke på eventuell korrigering, eller bortfall på grunn av nye reglar.
Konklusjonar sendast til Sjøfartsdirektoratet.
Bestilling av tilsyn
Bestilling av tilsyn gjøres ved å bruke følgende elektronisk skjema:
Fornyelsestilsyn som ønskes begjært tidligere enn 3 måneder før sertifikatets utløp må begjæres manuelt på e-post til post@sdir.no og kopi til HHE@sdir.no
Dispensasjon
Dispensasjonssøknadar skal minimum innehalde:
- Forskrift og paragraf det skal søkast dispenasjon frå.
- Skildring av avvik.
- Grunnar for kvifor dispensasjon bør aksepterast (kompenserande tiltak / likeverdig løysing / risikovurdering).
- Stadfesting om det er mellombels eller permanent. Søknad om mellombels dispensasjon skal påførast dato for lukking.
Utsegn frå arbeidstakarane sin tillitsvalte, fortrinnsvis koordinerande hovudverneombod, skal leggast ved søknaden.
Andre tilsynsetatar
Sjøfartsdirektoratet har samarbeids-/bistandsavtalar med følgjande etatar for delegering av tilsynsoppgåver på flyttbare innretningar:
- Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Avtalen gjeld tilsyn med elektrisk anlegg og elektrisk utstyr.
- Luftfartstilsynet. Avtalen gjeld tilsyn med helikopterdekk.
- Radioinspeksjonsforetak. Avtalen gjeld tilsyn med radioutstyr.
Sjøfartsdirektoratet koordinerer tilsyn som skal utførast av desse etatane.
Klasseselskap
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har avtalar med følgjande klasseselskap for delegering av tilsynsoppgåver for flyttbare innretningar:
- American Bureau of Shipping (ABS)
- DNV
- Lloyds Register of Shipping (LRS)
Det er delegert tilsynsoppgåver (herunder sertifiseringsoppgåver) i henhold til følgjande:
Annex I to Agreement 1 June 2002 (PDF)
Annex II (PDF)
Annex VI (PDF)
Letter of Compliance (LOC)
Sjøfartsdirektoratet kan etter søknad frå reiarlaget utferde eit såkalla «Letter of Compliance» (LOC) for eit utanlandsk registrert fartøy som ikkje er underlagt tilsyn frå Havindustritilsynet (SUT-ordninga).
Eit slikt dokument vert utferda etter at Sjøfartsdirektoratet, saman med tilhøyrande tilsynsetatar, har gjennomført dokumentkontroll og verifikasjon om bord tilsvarande som for ein norskregistrert flyttbar innretning.
Fartøyet skal følgje dei tekniske og operative krava i Sjøfartsdirektoratet sine forskrifter for norskregistrerte flyttbare innretningar (med unntak av krav som gjeld bemanning og tryggleikstyringssystem).
Avtalane med andre tilsynsetatar som nemnt over, gjeld òg i desse høva.
Temaside om kraner og løfteoperasjoner
Kraner og løfteoperasjoner på skip og flyttbare innretninger
Aktuelle retningslinjer
- Retningslinjer for anvendelse av MARPOL vedlegg I for FPSO og FSU
- Utsettelser på service av oppblåsbart redningsutstyr
- Prosedyre for testing av selvrettingsfunksjonen ved sertifisering av redningsdrakter til bruk på flyttbare innretninger
- Rapportering av fare- eller ulykkeshendelse på norske flyttbare innretninger