Alf Tore Sørheim.
Alf Tore Sørheim. Foto: Helga Maria S. Sund

Arbeidstakarar om bord på skip har rett til å varsle om forhold som ikkje fungerer som dei skal. Det kan til dømes vere trakassering, seksuell trakassering, mobbing,  tryggingsrelaterte forhold eller andre kritikkverdige forhold om bord. 

– Vi registrerer alle tips og sørger for å gjere ei individuell vurdering av korleis vi følger opp tipset vidare, seier Alf Tore Sørheim, avdelingsleiar for operativt tilsyn i direktoratet. 

På våre nettsider kan du no bruke eit skjema dersom du skal tipse om ei hending eller eit forhold. Der kan du òg lese meir om kva eit tips bør innehalde, og kva type tips som skal sendast vidare til andre etatar. 

– Vårt mål er at det skal vere trygt å melde frå til Sjøfartsdirektoratet, seier Sørheim.