Forskrift om fartøy som blir brukte av opplæringsinstitusjonar

DatoFOR-2022-09-21-1627
DepartementNærings- og fiskeridepartementet
Ikrafttredelse01.10.2022
EndrerFOR-2014-12-22-1893
HjemmelLOV-2007-02-16-9-§2, LOV-2007-02-16-9-§5, LOV-2007-02-16-9-§7, LOV-2007-02-16-9-§8, LOV-2007-02-16-9-§9, LOV-2007-02-16-9-§11, LOV-2007-02-16-9-§13, LOV-2007-02-16-9-§16, LOV-2007-02-16-9-§19, LOV-2007-02-16-9-§45, FOR-2007-02-16-171, FOR-2007-05-31-590
Kunngjort23.09.2022   kl. 13.50

Heimel: Fastsett av Sjøfartsdirektoratet 21. september 2022 med heimel i lov 16. februar 2007 nr. 9 om skipssikkerhet (skipssikkerhetsloven) § 2, § 5, § 7, § 8, § 9, § 11, § 13, § 16, § 19 og § 45, jf. delegeringsvedtak 16. februar 2007 nr. 171 og delegeringsvedtak 31. mai 2007 nr. 590.


Kapitteloversikt:

Kapittel 1. Generelle reglar

§ 1.Verkeområde

Denne forskrifta gjeld for norske fartøy med største lengd under 24 meter i innanriksfart som opererer i maksimum 15 knop, og som blir brukte av opplæringsinstitusjonar med 35 eller færre personar om bord. Personar om bord som ikkje inngår i bemanninga, skal vere knytte til opplæringsinstitusjonen.

Med opplæringsinstitusjon er meint ein institusjon som er omfatta av barnehageloven, grunnskuleopplæringa i opplæringslova, grunnskuleopplæringa i friskolelova eller folkehøyskoleloven.

Forskrifta gjeld ikkje for fartøy som fylgjer forskrift 14. januar 2020 nr. 63 om fartøy under 24 m som fører 12 eller færre passasjerar.

§ 2.Reiarlaget si plikt til å sende inn opplysingar

Reiarlaget skal registrere opplysingar om verksemda hjå Sjøfartsdirektoratet før aktiviteten startar. Reiarlaget skal stadfeste at krava i denne forskrifta er gjennomgåtte og oppfylte. Registreringa gjeld i eitt år og må fornyast så lenge fartøyet er i drift etter denne forskrifta.

§ 3.Forholdet til andre reglar

På område der det ikkje er gitt særlege reglar i denne forskrifta, skal fartøy oppfylle krav i andre relevante forskrifter gitt med heimel i skipssikkerhetsloven.

§ 4.Tryggleiksstyringssystem

Reiarlaget skal etablere, gjennomføre og vidareutvikle eit dokumenterbart tryggleiksstyringssystem som minimum inneheld

a.skildring av verksemda og operasjonsområdet med eventuelle beskytta område der fartøy kan søke ly (naudhamner)
b.skildring av det enkelte fartøyet, under dette tekniske spesifikasjonar, operasjonelle avgrensingar som fylgje av konstruksjonen og utrustinga til fartøyet, og talet på personar fartøyet er konstruert for
c.rutinar for planlegging av seglas
d.skildring av risikofaktorar for alle om bord når fartøyet er undervegs eller reiskapar eller utstyr om bord blir brukte, og tiltak for å unngå uønskte hendingar
e.rutinar for vedlikehald av fartøy og utstyr
f.beredskapsplan til bruk i ulike naudssituasjonar og rutinar for øvingar.

Reiarlaget skal ha ein årleg gjennomgang av tryggleiksstyringssystemet for å vurdere om det fungerer i tråd med føremålet, og om det er behov for forbetringar. Gjennomgangen skal dokumenterast.

Tryggleiksstyringssystemet skal vere tilgjengeleg om bord.

§ 5.Tryggleiksorientering

Før avgang skal alle om bord på fartøyet få ei tryggleiksorientering som er tilpassa føremålet med turen. Tryggleiksorienteringa skal som eit minimum gi informasjon om bruk av redningsmiddel, om korleis personane om bord skal opptre i ein naudssituasjon, og om særskilde risikoar.

Tryggleiksorienteringa skal vere på eit språk alle om bord forstår.

§ 6.Teljing og registrering av personar om bord

Før kvar avgang skal talet på personar om bord registrerast hjå kontaktperson på land. Dersom reisa inkluderer overnatting, skal det i tillegg registrerast namn på alle om bord.

Opplysingane som det er krav om etter første og andre ledd, skal gjerast tilgjengelege for redningstenesta i samband med søk og redning. Namnelister skal oppbevarast og slettast i samsvar med personvernregelverket.

§ 7.CE-merka fartøy

For fartøy som er CE-merka i samsvar med forskrift 15. januar 2016 nr. 35 om produksjon og omsetning av fritidsfartøy og vannscootere mv., gjeld ikkje § 8 til § 16.

For fartøy i første ledd skal avgrensingane som fylgjer av konstruksjonskategorien og talet på personar fartøyet er konstruert for, ikkje overskridast.

§ 8.Teknisk tryggleik

Fartøy med største lengd under 15 meter skal oppfylle Nordisk båtstandard 1990 for yrkesbåter under 15 meter (NBSY), inkludert kapittel Y31 Passasjerbåttillegg, eller ein standard som gir tilsvarande tryggleik.

Fartøy med største lengd 15 meter eller meir skal oppfylle DNV Craft eller ein standard som gir tilsvarande tryggleik.

Fartøy i fartsområde 4 og større skal ha faste sitjeplassar i innvendige opphaldsrom til alle om bord.

§ 9.Automatisk naudstopp

Fartøy som har utvendig styreposisjon og berre éin person i bemanninga, skal vere utstyrte med automatisk naudstopp som stoppar framdriftsmaskineriet dersom føraren fell over bord.

Kapittel 2. Stabilitet

§ 10.Krav til krengjeprøve

På fartøy med største lengd under 15 meter kan det i staden for å fylgje krava i NBSY Y3.3 og Y3.4 gjennomførast praktisk krengjeprøve med vekter om bord som svarar til det største talet på personar og last som fartøyet kan ha om bord. Når alle vekter er plasserte på den eine sida av fartøyet på minst gunstige måte, skal krengjevinkelen ikkje vere større enn 10 grader. Krenginga skal ikkje føre til reduksjon i fribordet på meir enn halve fribordet for fartøy som ikkje krengjer. Når endringar på fartøyet påverkar stabiliteten til fartøyet skal reiarlaget gjennomføre ny praktisk krengjeprøve.

På fartøy med største lengd 15 meter eller meir skal det gjennomførast krengjeprøve for å fastsetje lettskipsdata.

Krengjeprøva skal bestillast elektronisk og gjennomførast med inspektør frå Sjøfartsdirektoratet til stades.

§ 11.Krav til stabilitetsutrekningar

Fartøy med største lengd 15 meter eller meir skal ha stabilitetsutrekningar som viser følgjande:

a.Arealet under kurva for rettande arm (GZ-kurva) er minst 0,055 meterradianar opp til krengjevinkel på 30 grader og minst 0,09 meterradianar regnet opp til 40 grader eller fyllingsvinkelen, dersom denne er mindre enn 40 grader. I tillegg skal arealet under GZ-kurva mellom krengjevinklane 30 grader og 40 grader eller mellom 30 grader og fyllingsvinkelen, dersom denne er mindre enn 40 grader, ikkje vere mindre enn 0,03 meterradianar.
b.Rettande arm (GZ) er minst 0,2 meter ved ein krengjevinkel lik eller større enn 30 grader.
c.Krengjevinkelen til den rettande arm som har størst verdi (GZmaks) skal være større enn 25 grader.
d.Initialmetasenterhøgda (GM) er minst 0,15 meter.

Første ledd gjeld ikkje fartøy i fartsområde 2 og mindre når initialmetasenterhøgda (GM) er minst 0,15 meter og arealet under kurva for rettande arm (GZ-kurva) for lastetilstandane er minst 0,055 meterradianar rekna til fyllingsvinkelen, eller til krengjing på 20 grader når fyllingsvinkelen er større.

Fartøy med største lengd 15 meter eller meir skal ikkje ha krengjevinkel på meir enn 10 grader når alle passasjerane er plasserte på eine sida av fartøyet på minst gunstige måte.

§ 12.Krav til nye stabilitetsutrekningar

Når endringar på fartøyet påverkar oppdrifta til fartøyet slik at hydrostatikk og KY-verdiar blir endra, skal reiarlaget utarbeide nye stabilitetsutrekningar.

Fartøy som blir endra ved reparasjon, ombygging eller utrusting slik at stabiliteten til fartøyet blir påverka, skal som eit minimum oppfylle dei krava til stabilitet som gjaldt før fartøyet blei endra.

Ved omfattande endring grunna reparasjon, ombygging eller endring av utrusting skal fartøyet oppfylle krava til stabilitet som gjeld for nye fartøy på tidspunktet for endringa.

Dersom det er tvil om stabiliteten til eit fartøy, kan Sjøfartsdirektoratet krevje at det blir sendt inn stabilitetsutrekningar og gjennomført ny krengjeprøve.

Kapittel 3. Brannsikring

§ 13.Gassalarm

Fartøy med fastmontert gassanlegg om bord skal ha gassalarm nær botnen av fartøyet.

§ 14.Branndeteksjon på fartøy under 15 meter

Det skal vere varme- eller røykdetektor i alle innvendige opphaldsrom og maskinrom. Når ein detektor blir utløyst, skal det vere lydalarm i alle rom.

§ 15.Berbare brannsløkkingsapparat

Det skal vere brannsløkkingsutstyr som svarer til den mogelege brannfaren.

Det skal minst vere

a.eitt brannsløkkingsapparat i maskinrom og rom med stor brannfare
b.to brannsløkkingsapparat fordelt på opphaldsromma om bord i fartøy med største lengd mellom 8 og 15 meter
c.tre brannsløkkingsapparat fordelt på opphaldsromma om bord i fartøy med største lengd over 15 meter.

Brannsløkkingsapparata skal vere minst seks kilo og utstyrte med manometer.

Apparat skal vere plasserte lett tilgjengeleg og nær inngangen til rommet der dei er plasserte.

Brannsløkkingsapparat som kan bli utsette for frost, skal vere frostsikre.

§ 16.Brannpumpe, brannslangar og strålerøyr på fartøy på 15 meter eller meir

Fartøy med største lengd 15 meter eller meir skal vere utstyrte med brannpumpe. Brannpumpa kan vere driven av hovudmotor. Brannpumpa skal ha kapasitet på minst 80 liter per minutt.

Fartøy med brannpumpe installert skal ha brannslange som skal kunne nå over heile fartøyet, og vere utstyrt med strålerøyr.

Kapittel 4. Redningsmiddel

§ 17.Redningsvestar og termiske drakter

Fartøyet skal ha termiske drakter (TPA) og redningsvestar i passande storleik til alle om bord. Redningsvestane skal vere CE-godkjende i samsvar med ISO 12402-4. Flyteplagg og termiske drakter skal oppbevarast lett tilgjengeleg om bord.

§ 18.Redningsflåtar

Fartøyet skal ha redningsflåtar med samla kapasitet til alle om bord sjølv om éin redningsflåte skulle gå tapt eller bli ubrukeleg.

Redningsflåtane skal vere CE-godkjende i samsvar med ISO 9650-1.

Redningsflåtar skal vere stua i samsvar med produsenten si tilråding og skal kunne fortøyast til innskipingsstasjonar på ein forsvarleg måte.

Fartøy med største lengd under 8 meter som går i fartsområde 1 eller mindre i perioden 1. april til 30. september, treng ikkje å ha redningsflåtar dersom alle om bord har på seg redningsvestar som nemnt i § 17.

§ 19.Fall over bord

For å handtere ein fall-over-bord-situasjon skal fartøyet ha

a.ei innretning som gjer det mogleg å plukke opp ein hjelpelaus person frå vatnet
b.ei livbøye med flytande redningsline og ei livbøye med sjølvtennande lys
c.manøvreringseigenskapar til å gå nær opp til og ta om bord personar på ein sikker måte frå sjøen under alle forhold
d.ei løfteinnretning dersom fribordet er over 1 meter. Innretninga skal vere plassert lett tilgjengeleg, og vere dimensjonert for statisk last på minst 200 kg
e.fastmontert redningsstige som enkelt kan løysast ut av ein person som ligg i vatnet.

§ 20.Førstehjelpsutstyr

Fartøyet skal ha naudsynt førstehjelpsutstyr om bord.

§ 21.Beredskap, alarminstruks og øvingar

Alle redningsmiddel skal vere klare til omgåande bruk medan fartøyet er undervegs.

Reiarlaget skal etablere klare instruksjonar for besetninga som skal fylgjast om ein naudssituasjon oppstår.

Alle besetningsmedlemmar skal delta i øvingar i bruk av redningsmiddel og brannsløkkingsutstyr kvar månad og i øvingar i førstehjelp kvart år.

Reiarlaget skal utarbeide ei opplæringshandbok som på ein lett forståeleg måte gir instruksar og informasjon om redningsreiskapane om bord og dei beste overlevingsmetodane.

Kapittel 5. Kommunikasjon og navigasjon

§ 22.Radioutstyr

Fartøy i fartsområde 1 eller større skal vere utstyrte med VHF-radioutstyr med DSC, tilkopla posisjonsmottakar. I fartsområde 4 eller større skal VHF/DSC vere fastmontert.

Fartøy i fartsområde 1 eller større skal vere utstyrte med éin handhalden VHF for kvar redningsflåte fartøyet fører.

Elektriske kraftkjelder som driv radioutstyr skal ha kapasitet til å drive utstyret under heile reisa, og i tillegg ha ein reservekapasitet på minst 6 timar.

Radioutstyret skal vere CE-merka.

§ 23.Satellitt-naudpeilesendar (EPIRB)

Fartøy i fartsområde 4 eller større skal vere utstyrte med fri-flyt satellitt-naudpeilesendar (EPIRB).

EPIRB skal vere montert slik at han vil flyte opp til overflata og sende naudalarm dersom fartøyet skulle søkke.

På fartøy utan overbygning kan ein manuell EPIRB erstatte ein fri-flyt EPIRB.

§ 24.Radartransponder (Radar-SART) eller AIS-transponder (AIS-SART)

Fartøy i fartsområde 4 eller større skal vere utstyrte med radartransponder (Radar-SART) eller AIS-transponder (AIS-SART). Transponderen skal vere plassert nær styreposisjonen, slik at den lett kan bli aktivert og er enkel å ta med i ein redningsfarkost.

§ 25.Navigasjons- og vêrvarsel

Fartøy skal vere utstyrte for å kunne ta i mot oppdaterte navigasjons- og vêrvarsel for heile den planlagde reisa.

§ 26.Navigasjon

Alle fartøy skal vere utstyrte med

a.mottakar for globalt satellittnavigasjonssystem
b.fastmontert magnetkompass
c.ekkolodd
d.radarreflektor.

Fartøy med største lengd 15 meter eller meir skal i tillegg vere utstyrte med

a.radar
b.automatisk identifikasjonssystem (AIS) klasse B med sendar og mottakar. AIS skal alltid vere i drift når fartøyet er undervegs.

Elektriske kraftkjelder som driv navigasjonsutstyr skal ha kapasitet til å drive utstyret under heile reisa, og i tillegg ha ein reservekapasitet på minst 6 timar.

Reiser skal planleggast ved hjelp av oppdaterte offisielle sjøkart og nautiske publikasjonar og med omsyn til vêr- og bølgjevarslar.

Oppdaterte offisielle sjøkart skal finnast om bord.

Skipsførar skal overvake kursen og posisjonen til fartøyet for å sikre at fartøyet fylgjer den planlagde ruta.

§ 27.Føring av dagbok

Skipsførar skal føre dagbok med opplysingar om kvar enkelt reise og om hendingar undervegs som kan vere til nytte for styresmakter eller andre med rettsleg interesse i reisa. Dagboka skal innehalde opplysingar om

a.avgangs- og innkomsttid
b.vêr- og bølgjeforhold
c.øvingar
d.hendingsgang ved ulukker og personskadar
e.namn på skipsførar og besetningsmedlemmar.

Kapittel 6. Kvalifikasjonar og bemanning

§ 28.Kvalifikasjonskrav og bemanning

Førar skal vere minst 20 år og ha

a.fritidsskippersertifikat (D5L)
b.helseerklæring for fritidsskipper som skal fornyast kvart tredje år
c.SRC-sertifikat
d.minst 150 timar dokumentert fartstid på tilsvarande fartøytype
e.godkjent tryggleiksopplæringskurs for sjøfolk på mindre skip
f.gjennomgått tryggleiksfamiliarisering og intern tryggleiksopplæring som sikrar forsvarleg handtering av personar om bord i naudssituasjonar.

For kvar redningsflåte om bord, med unntak av den eller dei redningsflåtane som er i reserve, skal det i tillegg til førar vere minst eitt besetningsmedlem som har opplæring som nemnt i første ledd bokstav e.

Reiarlaget skal fastsetje ei bemanning som er tilstrekkeleg til å vareta forsvarleg drift av fartøyet og tryggleiken til alle personar om bord ved normal drift og i ein naudssituasjon. Bemanninga skal vere tilstrekkeleg til å handtere segl og rigg utan hjelp frå andre personar om bord. Personar som er ein del av bemanninga, skal oppfylle krava i første ledd bokstav f.

Kapittel 7. Vedlikehald

§ 29.Vedlikehald av fartøy og utstyr

Fartøyet skal haldast ved like på ein slik måte at tryggleiken for liv og helse, miljø og materielle verdiar er vareteken.

Reiarlaget skal ha rutinar for visuell kontroll av alt rednings- og førstehjelpsutstyr før kvar tur.

Reiarlaget skal ha rutinar for ettersyn og vedlikehald av brannsløkkingsutstyr og rednings- og førstehjelpsutstyr minst éin gong kvar månad eller i samsvar med produsenten si tilråding.

Reiarlaget skal ha rutinar for ettersyn og vedlikehald av anna utstyr om bord i samsvar med produsenten si tilråding.

Oppblåsbare redningsmiddel skal kontrollerast ved ein godkjent servicestasjon minst kvart tredje år.

Kapittel 8. Avsluttande reglar

§ 30.Dispensasjon

Sjøfartsdirektoratet kan etter skriftleg søknad gi dispensasjon frå krav i forskrifta. Spesielle grunnar må gjere dispensasjonen naudsynt, og dispensasjonen må vere tryggleiksmessig forsvarleg.

§ 31.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. oktober 2022.

Fartøy som har vore brukte av opplæringsinstitusjonar før iverksetjing av denne forskrifta treng ikkje å oppfylle forskrifta før 1. april 2023.

§ 32.Endring i annan forskrift

Frå 1. oktober 2022 blir det gjort følgande endring i forskrift 22. desember 2014 nr. 1893 om tilsyn og sertifikat for norske skip og flyttbare innretninger § 20: – – –