Fritidsfartøyulykker med omkomne 2022

Antatt stad og dato

Antatt hendingsrekke

Konsekvensar på person

Dimmelsvik
Kvinnherad
Vestland
11.02.2022

Ein eldre mann vart funnen omkomen i vatnet ved båthamna i Dimmelsvik båthamn i Kvinnherad. Ambulanse, brannvesen og politi rykka ut til staden og personen vart tatt på land etter kort tid, og det vart sett i verk forsøk på livreddande fyrstehjelp. Personen vart etter noko tid erklært død på staden. 

Mann, 80 årene

Død

Lurøy
Nordland
25.01.2022

Det vart sett igang ein  redningsaksjon som følgje av at ein fritidsbåt vart funnen kantra tysdag formiddag og ein mann vart funnen død på fastlandet i Lurøy kommune. 
Redningsleiaren bekreftar at det er eigaren av båten som er funnen omkommen, og at mannen vart funnen i strandkanten.

Mann, 69 år

Død

Tollbodbrygga
Flekkefjord
Agder
15.01.2022

Ein mann vart funnen drukna i hamnebassenget i Flekkefjord laurdag. Alt talar for at dette er ei ulykke. Avdøde hadde båten sin fortøydd ved Tollbodbrygga i sentrum, og har truleg falle ut i sjøen då han skulle til eller frå båten. Det var ein tilfeldig forbipasserande i båt som oppdaga den livlause kroppen. Mannskap frå ambulanse og brannvesen rykka ut. Den livlause kroppen vart tatt i land ved bryggeanlegget på Lasta, men mannskapa kunne raskt konstatera at vedkommande var død. Avdøde vil rutinemessig bli obdusert for å finna dødsårsaka.

Mann, 63 år

Død