SPRINGFJÆRE: Påska er tett på vårjamdøgn. Sol og måne er då relativt nær jorda, og difor er springfjæra ekstra låg.

Les meir om dette her (ekstern lenke til yr.no).

Kva skjedde?

Her er nokre hendingar Sjøfartsdirektoratet fekk melding om ei veke i april:

1. Båten køyrde ut frå heimehamn og i den leia dei alltid går. Kom så til det som vart ulykkespunktet, der mannskapet merka eit lett "dump" og høyrde eit lite smell. Fekk etterpå kontrollert skroget med ein ROV. Det var ikkje skade eller lekkasje, berre litt oppskrapa i vernet rundt propellen.

Årsaksforhold: Det var ekstremt stor fjære på ulykkestidspunktet.

 

2. Fartøyet kom til hamn, og hadde hatt ein grunnberøring. Kontrollerte tankane og skrog, ingen skadar eller lekkasje. Slo fast at det berre var BB propell som var skada, og me kunne gå vidare til kai.

Årsaksforhold: Ekstrem grunnfjære og sol som me vart ein smule blenda av.

 

3. Kom for nær grunna, noko som resulterte i grunnberøring på BB side. Etter ulykka blei alle rom omgåande inspisert for lekkasjar, noko det heldigvis ikkje var.

Årsaksforhold: Uvanleg lågt tidvatn, stor fjære og kraftig motstraum.

 

4. Fartøyet kom delvis nedpå botnen då det lasta. Det var fjære sjø, og lasta blei flytta på om bord då baugen kom i kontakt med botnen. Tankar vart sjekka for lekkasje, og lasting kunne fortsette når sjøen steig igjen og fartøyet flaut fritt frå botn.

Årsaksforhold: Djupna langs kai hadde avvik frå det som var oppgitt av kaieigar og agent; mest på grunn av unormalt lavvatn/fjære.

Kva ser vi?

Springfjære ved påsketider på våren er eit fenomen som kjem kvart år. Mange blir overraska av kor stor fjæra kan være. Sørg alltid for å ha ein god planlegging av seglasen frå kai til kai. Hugs og å ha kontroll på djupna under eigen kjøl med tanke på flo og fjære, og då kanskje mest om våren.

 

Her er nokre relevante lenker:

Kartverket – sjå havnivå (Tidvatntabell): https://www.kartverket.no/til-sjos/se-havniva

Tidvatn: https://tidevann.info/

Har du høyrd om påskefjæra?: https://www.yr.no/artikkel/har-du-hort-om-paskefjaera_-1.8044522

Økt tryggleik med god planlegging av seglasen: https://www.sdir.no/aktuelt/nyheter/seilasplanlegging-fokusomrade/

Unngå at dette blir deg: https://www.sdir.no/globalassets/global-2/om-sdir/publikasjoner/brosjyrer/grunnstotninger_folder.pdf