Leider for losar, falsk produsent

  • Publisert: 20.07.2018

Leiderar for losar som vert selde under namnet til produsenten Canel & Sohn GmbH & Co er ikkje det dei utgjer seg for å vera. Tyske marknadstilsynsstyresmakter har avdekka at slike leiderar vert leverte med falske samsvarserklæringar (DoC).

Leiderane har tekniske feil knytt til manglande fiksering av trinn og manglande sidestøtter. Det er også formelle feil knytt til merking av produktet. Dei tyske styresmaktene omtaler dette som:

-          faulty marking (no number of NB/year)

-          faulty DoC

-          noncompliant with ISO 799:2004 (no step fixtures)

-          noncompliant with IMO Res.A 1045 (one piece construction spreaders)

 

Produktet vert distribuert utan eit spesifikt namn. Det har vore funne med nemningar som:

-          Pilot Ladder DIN/ISO 799/2004 - Typ: C&S L

-          Pilot Ladder C&S L

 

Konklusjonen til  dei tyske marknadstilsynsstyresmaktene er at produkta ikkje oppfyller krava i skipsutstyrsdirektivet 2014/90/EU avsnitt MED/4.49 og kan difor ikkje seljast i EU/EØS eller til skip med EU/EØS flagg. Avgjerda kan ennå ankast.

 

Skipsutstyrsdirektivet gjeld også i Noreg slik at produkta kan heller ikkje seljast i Noreg eller til skip med norsk flagg.

Vedlegg:

Samsvarserklæring

Produktinformasjon

 

 

 

Til toppen