Last ned høyringsbrev som pdf

 

Høyringsuttalar må sendast til Sjøfartsdirektoratet på post@sdir.no innan 8. januar 2021.

Kontaktperson for forslaget

Praktiske spørsmål kan rettast til Per Otto Årland, senioringeniør, underavdeling sjøfolk, pot@sdir.no.

Spørsmål av teknisk art kan rettast til Geir B. Kvam, seniorrådgjevar, IT-utvikling, gbkv@sdir.no.

 

Bakgrunnen for forslaget

Sjøfartsdirektoratet arbeider med å utvikle eit system for automatisk utferding av personlege sertifikat (APS). Dagens ordning med manuell innrapportering av bestått utdanning og kurs vil ikkje fungere med det nye systemet. Manuell innrapportering har også vore ei kjelde til feilrapportering. Det er dermed behov for ein ny måte å rapportere inn bestått utdanning frå institusjonane.

 

Nærmare om forslaget

I dag sender institusjonane inn ei oversikt over bestått utdanning på eit Excel-ark til Sjøfartsdirektoratet via Altinn. Denne framgangsmåten fungerer ikkje når direktoratet skal ta i bruk automatisk utferding av personlege sertifikat (APS).

Som ein del av APS utviklar Sjøfartsdirektoratet ei enkel tilkopling for automatisk innrapportering av bestått utdanning via eit offentleg datagrensesnitt. Institusjonane må utvikle ein måte å kople seg opp mot Sjøfartsdirektoratet sitt system på, anten ved hjelp av ei sjølvstendig tilkopling eller ved eit felles samarbeid med andre institusjonar, eller eventuelt bruke ein tredjemannportal. Det skal vere ein enkel utviklingsjobb, då hovudansvaret for utvikling av systemet ligg hos direktoratet.

Endringa vil føre til ein einskapleg metode for verifisering av resultat, som er enklare og meir effektiv for utdanningsinstitusjonane ved at det skjer automatisk og elektronisk. Direktoratet har fått tilbakemelding frå ein utdanningsinstitusjon om at dei reknar med at det vil krevje rundt eit vekeverk for å kople seg på den automatiske innrapporteringa til oss. Dette kan sjølvsagt variere frå institusjon til institusjon og vil avhenge av grad av samarbeid mellom ulike institusjonar og tilgangen til utviklarar. Det tilseier likevel utviklingsjobben er av avgrensa kompleksitet og ikkje særskilt omfattande.

For at den same metoden skal nyttast av alle institusjonar i landet og dermed sikre likebehandling av dei som søker sertifikat eller kvalifikasjonsbevis, ser Sjøfartsdirektoratet at det er eit behov for denne endringa.

Det er ønska at forskriftsendringa trer i kraft så snart som mogleg etter høyringsfristen. Altinn skal ikkje nyttast som rapporteringsløysing etter 1. januar 2021, då det frå dette tidspunkt vil vere mogleg å bruke automatisk innrapportering via eigne datagrensesnitt. For institusjonar som ikkje får kopla seg til det automatiske grensesnittet innan denne datoen, er det ei moglegheit for innrapportering via manuell registrering i eigne skjema på internett. Direktoratet ønsker at alle institusjonar har fått kopla seg på datagrensesnittet og kan rapportere automatisk frå 1. juni 2021.

 

Administrative og økonomiske konsekvensar

Tiltaket medfører ein utviklingsjobb for institusjonane for å få tilkoplinga til å fungere og det vil moglegvis vere behov for noko vedlikehaldsarbeid knytt til dette, men det vil vere av ein avgrensa karakter.

 

Endringa vil medføre positive samfunnsøkonomiske konsekvensar ved at institusjonane kan bruke mindre tid på sakshandsaming og -administrering av innrapportering av bestått utdanning. I tillegg vil det ikkje vere behov for Sjøfartsdirektoratet å oppklara tilfelle av feilrapportering og verifisere riktig bestått utdanning.

 

Vedlegg: 

Høyringsliste

Forskriftstekst