LAST NED HELE RUNDSKRIVET SOM PDF

Sjøfartsdirektoratet har fastsett forskrift om oppheving av forskrift 6. februar 1978 nr. 9131 om slepeassistanse for boreplattformer og andre flyttbare innretninger av tilsvarende konstruksjon under forseiling på norsk sjøterritorium og i indre norske farvann.

Forslag til opphevingsforskrift vart sendt på høyring 4. juli 2014, med svarfrist 10. oktober. Bakgrunnen for opphevinga er at Kystverket innfører ei ny forskrift som regulerer slepeassistanse for flyttbare innretningar 1. januar 2015. Grunnen til dette er at problemstillingane slepeassistanseforskrifta regulerer, i røynda høyrer under Kystverket sitt ansvarsområde.

Seks høyringsinstansar har svart på høyringa. Av desse hadde fem ingen kommentarar til forslaget. Norges Rederiforbund støtta forslaget, men ba om at det vert ført opp informasjon om Kystverket si forskrift på Sjøfartsdirektoratet sine nettsider og i framtidige utgåver av Raudboka. Sjøfartsdirektoratet vil søkje å gje næringa tilstrekkeleg informasjon om kva regelverk som gjeld for flyttbare innretningar, men reiarlaga vil likevel sjølv ha ansvar for å setje seg inn i kva reglar som gjeld for deira verksemd.

Konsekvensane av at ansvaret vert overført til Kystverket er så langt Sjøfartsdirektoratet kan sjå formelle.