Rundskriv
  • Dato: 31.01.2019
  • Serie: RSV
  • Nr: RSV 1 - 2019

Krav til sikkerheitsopplæring for sjøfolk på lasteskip med største lengde under 15 meter i fartsområde liten kystfart og på skip utan passasjersertifikat som kan føre 12 eller færre passasjerar

Sjøfartsdirektoratet har arbeidd med ei endring av forskrift 22. desember 2011 nr. 1523 om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk (kvalifikasjonsforskriften). Endringa skulle mellom anna gjere at krava til sikkerheitskurs vart betre tilpassa sjøfolk på mindre fartøy. På grunn av mange høyringssvar vart forskriftsendringa utsett.

Dette rundskrivet er oppdatert 06.03.2020

Vi har mottatt henvendelser om hvilke sikkerhetsopplæringskrav som gjelder for denne gruppen nå. Vi har derfor oppdatert RSV 01-2019 som beskriver hvilke kurs som kan tas i en overgangsperiode og fram til de nye reglene er fastsatt.

Bakgrunn

Sjøfartsdirektoratet har arbeidd med ei endring av forskrift 22. desember 2011 nr. 1523 om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk (kvalifikasjonsforskrifta). Endringa skulle mellom anna gjere at krava til sikkerheitskurs vart betre tilpassa sjøfolk på mindre fartøy. På grunn av mange høyringssvar vart forskriftsendringa utsett.

Sjøfartsdirektoratet har fått tilbakemelding om at næringa er usikre på kva krav til sikkerheitsopplæring som faktisk gjeld for sjøfolk på lasteskip med største lengde under 15 meter i fartsområde liten kystfart og på skip utan passasjersertifikat som kan føre 12 eller færre passasjerar.

Godkjent sikkerheitsopplæring

Sidan Sjøfartsdirektoratet har foreslått endringar i krav til sikkerheitsopplæring for sjøfolk på lasteskip med største lengde under 15 meter i fartsområde liten kystfart og på skip utan passasjersertifikat som kan føre 12 eller færre passasjerar vert følgjande sikkerheitskurs/-opplæring akseptert i ein overgangsperiode:

  • grunnleggjande sikkerheitskurs,
  • begrensa sikkerheitskurs eller
  • grunnleggjande sikkerheitsopplæring for fiskarar.

Desse krava er gjeldande fram til endringane i kvalifikasjonsforskrifta trer i kraft.

Til toppen