Forskrifta vart sendt på høyring 19. november 2019 med seks vekers høyringsfrist. Den korte høyringsfristen var grunngjeve med at det gjaldt ei mindre endring av forskrifta med avgrensa påverkingskraft. Samtidig var det viktig for næringa å få ei rask og einsarta løysing på praktiske problem ved innflagging.

 

Sjøfartsdirektoratet fekk åtte høyringsinnspel. Fire instansar hadde ikkje merknader, to instansar støtta endringsforslaget, medan to instansar støtta ikkje forslaget. Ingen av høyringsinnspela er teke til følgje. Innspela er samla og kommentert i høyringsmatrisa.

 

Nærmare om regelverket

Kravet om å vere fysisk og psykisk skikka til teneste om bord og ha ei helseerklæring som beviser dette, er saman med helseforskrifta heimla i skipssikkerhetsloven § 17. Helseerklæringar er ein viktig del av kvalifikasjonspapira til sjøfolk, og manglande gyldig helseerklæring kan føre til at sjøfolk blir nekta å segla vidare, som igjen kan føre til tilbakehald av fartøy.

 

Samtidig kan det ta tid å skaffe nye helseerklæringar til alle sjøfolk på eit fartøy ved innflagging, og Sjøfartsdirektoratet forstår at det er nødvendig å gje reiar rimeleg tid til å ordne dette. Den lengste dispensasjonsfristen som tidlegare er blitt gitt, har vore på tre månader og det er ikkje meldt tilbake at det har vore behov for ytterlegare tid.

 

Vidare slår helseforskrifta § 5 tredje ledd fast at ei helseerklæring ikkje lenger er gyldig dersom det har gått meir enn tre månader sidan utløpsdato. Direktoratet meiner at det vil vera hensiktsmessig å samanlikne unntaket i § 5 med det føreslegne midlertidige unntaket om at sjøfolk kan segle med ei gyldig STCW-helseerklæring i tre månader sjølv om den ikkje er gyldig etter helseforskrifta. Ønsket om eit harmonisert regelverk taler også for å halde seg til den same fristen for unntak vidare i forskrifta. Dette sikrar at eit internasjonalt anerkjent helsenivå vert oppretthaldt med omsyn til sikkerheita til både sjøfolk og fartøy.

 

Etter ei samla vurdering er derfor fristen for å skaffe gyldige helseerklæringar etter helseforskrifta føreslått å vere tre månader.

 

Administrative og økonomiske konsekvensar

Reiarlag vil kunne planlegge innflagginga betre og ei forskriftsendring vil sikre likebehandling.

 

For sjøfolk på skip som skal skifte til norsk flagg, vil det vere enklare å følgje med skipet frå og med datoen for innflagging.

  

Sjøfartsdirektoratet kan oppleve noko auka sakshandsaming av dispensasjonssøknader, men det vil ikkje krevje ekstraordinær arbeidskraft. Elles medfører endringa få administrative og økonomiske konsekvensar. 

 

Forskriftstekst

Høyringsmatrise