Høring
  • Dato 22.11.2019
  • Høringsfrist: 03.01.2020

Høyring – forslag om endring av forskrift om helseundersøkelse av arbeidstakere på norske skip og flyttbare innretninger – dispensasjon ved innflagging

Sjøfartsdirektoratet sender med dette forslag om endring av forskrift om helseundersøkelse av arbeidstakere på norske skip og flyttbare innretninger (heretter forskrifta) på høyring.

Last ned høringsbrev som PDF

Forslaget inneberer å fastsetje ei føresegn om tidsavgrensa dispensasjon frå forskrifta sitt krav om helseerklæring ved innflagging til eit norsk skipsregister. Eitt av vilkåra for å få dispensasjon, vil vere at sjøfolka har ei gyldig helseerklæring etter STCW .

Høyringsuttalar må sendast Sjøfartsdirektoratet innan 3.januar 2020 til post@sdir.no.

Etter Sjøfartsdirektoratet si meining er dette ei mindre endring av forskrifta som har avgrensa påverkingskraft. Samtidig er det viktig for næringa å få ei rask og einsarta løysing på praktiske problem ved innflagging. Det vert derfor rekna som ein fordel at høyringsfristen er korta ned til seks veker.

Høyringa vil også bli lagt ut på Sjøfartsdirektoratet sine heimesider www.sjofartsdir.no .

Kontaktperson for forslaget

Iselin Landa Osmo, rådgjevar, underavdeling sjøfolk, ILOS@sdir.no.

Bakgrunnen for forslaget 

Frå tid til anna får Sjøfartsdirektoratet søknader om dispensasjon frå kravet om gyldig helseerklæring etter helseforskrifta på tidspunktet for innflagging av fartøy til norsk skipsregister. Det er ulike grunnar til at kravet om gyldig helseerklæring tidvis er vanskeleg for reiarlaga å oppfylle. Sjøfolka på disse skipa har normalt gyldige helseerklæringar etter STCW. I gjeldande forskrift har ikkje Sjøfartsdirektoratet heimel til å innvilge ein tidsavgrensa dispensasjon ved innflagging.

Ved å fastsetje ei føresegn om unntak frå krava i helseforskrifta, slik at Sjøfartsdirektoratet får rett til å gje tidsavgrensa dispensasjon frå kravet om gyldig helseerklæring etter helseforskrifta, vert det ytterlegare lagt til rette for innflagging.

Det vil i tillegg sikre like vilkår for reiarlag som ønskjer å få norsk flagg på sine fartøy. Enkelte reiarlag har både hatt store praktiske problem og svært store utgifter med å få på plass helseerklæringar etter helseforskrifta på tidspunktet for innflagging, avhengig av kva hamn skipet ligg i.

Nærmare om forslaget

Kravet om å vere fysisk og psykisk skikka til teneste om bord og ha ei helseerklæring som beviser dette, er saman med helseforskrifta heimla i skipssikkerhetsloven § 17. Helseerklæringar er ein viktig del av kvalifikasjonspapira til sjøfolk, og manglande gyldig helseerklæring kan føre til at sjøfolk blir nekta å segla vidare, som igjen kan føre til tilbakehald av fartøy.

Samtidig kan det ta tid å skaffe nye helseerklæringar til alle sjøfolk på eit fartøy ved innflagging. Det kan til dømes hende at fartøyet er i sjøen, det er ingen godkjente sjømannslegar tilgjengeleg eller det er vanskeleg å nå fram til ein godkjent sjømannslege på grunn av ISPS-reglar.

Sjøfartsdirektoratet forstår at det er nødvendig å gje reiar rimeleg tid til å ordne helseerklæringar etter forskrifta. Den lengste dispensasjonsfristen som tidlegare er gitt har vore tre månader, og direktoratet har ikkje fått tilbakemelding om at det har vore behov for ytterlegare tid.

Vidare slår helseforskrifta § 5 tredje ledd fast at ei helseerklæring ikkje lenger er gyldig dersom det har gått meir enn tre månader sidan utløpsdato. Direktoratet meiner at det vil vera hensiktsmessig å samanlikne unntaket i § 5 med det føreslegne tidsavgrensa unntaket om at sjøfolk kan segle med ei STCW-helseerklæring i tre månader sjølv om den ikkje er gyldig etter helseforskrifta. Ønsket om eit harmonisert regelverk taler også for å halde seg til den same fristen for unntak vidare i forskrifta.

Etter ei samla vurdering er derfor fristen for å skaffe gyldige helseerklæringar etter helseforskrifta føreslått å vere tre månader.

Sjøfartsdirektoratet vil følgje opp at helseerklæringar er på plass ved utløpet av dispensasjonstida. Dersom reiarlaget ikkje har framlagt kopi av gyldige helseerklæringar etter forskrifta seinast innan tre månader frå tidspunktet for registreringa av fartøyet i norsk skipsregister, vert det igangsett tiltak. Det vert då anten sendt ut førehandsvarsel om pålegg for oppfylling av kravet om gyldige helseerklæringar eller gjennomført tilsyn, avhengig av kor skipet oppheld seg og kva som er mest formålstenleg.

Administrative og økonomiske konsekvensar

Reiarlag vil kunne planlegge innflagginga betre og ei forskriftsendring vil sikre likebehandling av reiarlaga.

For sjøfolk på skip som skal skifte til norsk flagg, vil det vere enklare å følgje med skipet frå og med datoen for innflagging.

Sjøfartsdirektoratet kan oppleve noko auka sakshandsaming av dispensasjonssøknader, men det vil ikkje krevje ekstraordinær arbeidskraft. Elles medfører endringa få administrative og økonomiske konsekvensar. 

Vedlegg: 

Forslag til endring i forskrift om helseundersøkelse av arbeidstakere på norske skip og flyttbare innretninger.pdf

Høyringsliste.pdf

Til toppen