Ein del av henvendelsane gjeld òg fartsområde fjordfiske. Dette vil ikkje bli diskutert i denne teksten, men ei avklaring om fartsområde fjordfiske har tidlegare blitt publisert på yrkesfisker.no og kan finnast her

 

 At fleire fartøyeigarar ønsker å redusere lengda på fartøyet sitt skuldast nok i hovudsak at fartøy under 8 meter har noko lågare krav til dokumentasjon av fartøyets tilstand. Medan fartøy over 8 meter må ha eit sertifikat, ein såkalla fartøyinstruks, gjeld ikkje dette kravet for fartøy under 8 meter. Dette må likevel ikkje bli misforstått som at fartøy under 8 meter ikkje skal oppfylle krava som er gjeve i forskrift. Fartøy under 8 meter skal oppfylle alle krav som er gjeve for desse i forskrift 22. november 2013 nr. 1404 om fiske- og fangstfartøy under 15 meter største lengde. Dette vil kunne bli kontrollert av Sjøfartsdirektoratet ved umelte tilsyn.

 

 

Krav om ny måling

Fartøy med største lengde over 8 meter som blir ombygd for å komme under 8 meter skal kontrollerast av eit godkjent føretak. Kontrollen skal omfatte ny måling av største lengde og ei vurdering av endringane som er gjort. Godkjent føretak skal vurdere om endringane får konsekvensar for skrogstyrke, stabilitet m.m. Dersom fartøyet allereie har fått utstedt ein byggebekreftelse eller fartøyinstruks, vil denne bli ugyldig etter lengdeendringa. Ettersom båten no vil være under 8 meter, vil det ikkje være behov for nokon ny fartøyinstruks, men krav om byggebekreftelse kan framleis være gjeldande. Krav om byggebekreftelse gjeld for fartøy 6-8 meter som vart, eller blir, tatt i bruk som fiskefartøy for første gong etter 1. juli 2014. Dette gjeld altså uavhengig av kva år fartøyet er bygd.

 

Registrering av lengdeendring

Ved lengdeendring skal informasjonen om fartøyet i Fiskeridirektoratets merkeregister også bli oppdatert. Bekreftelsen på ny lengde frå godkjent føretak skal innsendast saman med skjemaet «Melding om endring og/eller sletting av fartøy registrert i merkeregisteret» til Fiskeridirektoratet . For fartøy registrert i Skipsregistrene må lengdeendringa dokumenterast for oppdatering av registrerte opplysningar. Dokumentasjon på ny lengde skal då sendast inn saman med skjema for melding om endring til Skipsregistrene.

 

Regelverk for fartøy 6-8 meter

Det er viktig å være merksam på at dersom lengdeendringa fører til at oppdriftsgivande volum vert endra eller er så omfattande at den vert rekna som ei ombygging av vesentleg omfang, vil dette kunne føre til ei stor endring i kva krav som gjeld for fartøyet med tanke på konstruksjon og stabilitet.

 Som nemnt tidlegare skal fartøy som reduserer lengda frå over til under 8 meter stort sett oppfylle dei same krava som før, sjølv om dei ikkje lenger skal kontrollerast hos godkjent føretak i samband med utstedelse av fartøyinstruks. Fartøya vil likevel kunne bli kontrollerte av Sjøfartsdirektoratet ved umelte tilsyn. Det vil ved desse tilsyna bli kontrollert at fartøya oppfyller dei krava som gjeld for fartøyet. Faktorar som fartøylengde, byggeår, ombyggingsår, fartsområde og kva år fartøyet første gang vart registrert som fiskefartøy, vil kunne ha innverknad på kva krav som gjeld for kvart enkelt fartøy. Krava er gjeve i Forskrift om fiske- og fangstfartøy under 15 meter største lengde.

 

Konsekvens for fartsområde ved lengdereduksjon

Dekka fartøy 8-10,67 meter kan maksimalt nyttast i fartsområde Bankfiske I, men fartsområdet kan utvidast til Bankfiske II avgrensa til 100 nautiske mil frå grunnlinja i perioden 15. mai til 30. september. Utvidinga av fartsområdet i sommarperioden gjeld berre for fartøy over8 meter største lengde. Fartøy som reduserer største lengde frå over til under 8 meter mistar dermed høve til å nytte denne utvidinga av fartsområde i sommarhalvåret.