Fritidsbålykker med skadde i 2020

NB! Registrering av hendelser med ulykker er kun hentet fra mediesøk og er dermed ikke en utfyllende liste.

Antatt stad og dato

Antatt hendingsrekke

Konsekvensar på person

Engavågen,
Meløy,
Nordland

28.08.2020

Det vart dramatisk då ein fritidsbåt med fire 16 åringar gjekk på grunn i Meløy. Nødmeldinga kom rett før klokka 21.30 fredag kveld. Alle fire havna i vatnet, etter at den 18 fot store båten grunnstøyte, og tok inn vatn. Dei snarrådige ungdommane fekk likevel varsla AMKsentralen. Dei heldt på å drukne og frykta for liva sine, fortel redningsleiaren som sjølv satt i naudsamtale med dei unge gutane. Dei var i sjokk. Noko som samtalen bar preg av. Samstundes som ulykka var ute, rosar redningsleiaren gutane sin reaksjon. Dei gjorde alt riktig, dei varsla at dei behøvde hjelp.

4 menn, 16 år
Havna i sjøen

Trælborgodde,
Tønsberg,

Agder,

20.08.2020

 

Ein fritidsbåt byrja å brenne utanføre Træleborgodde og fekk overtenning. Ein person vart plukka opp av vatnet av handlekraftige båtfolk. Naudetatane rykka ut for å sløkkje og redde mannen. Mannen framstår som uskadd, men han vert sjekka av helsepersonell. Brannen skal ha starta i motorrommet, men er no under kontroll. 

Materielle skader

Røssvatnet,
Nordland,
10.08.2020

Ein mann ramla i Røssvatnet da han var ute og fiska med båten sin måndag kveld. Han vart berga opp og er frakta til Bodø sykehus. Det var nokre vitne som såg at mannen ramla ut av båten sin. Dei fekk berga han opp.

 

Mann,

Skadd

 

Skjærhalden,
Østfold,
25.07.2020

 

Ei kvinne ramla i sjøen og vart påkøyrd av eigen båt. Dette førte til alvorlegeg hovudskader. HRS fekk melding fra nødetatane. Seaking flaug kvinna til sjukehuset.

 

Kvinne, 27 år
skadd

Hamresanden,

Kjevik,
Agder
16.07.2020

 

Personskade i forbindelse med bruk av vannscooter. Person falt av under hopping i bølger fra båt. Personen kjørt til sykehus med mistanke om hoftebrudd eller ut av ledd.

Mann,

Skadd

Karmsundet,
Haugesund,
Rogaland,
13.06.2020

 

Det var nokre ungdommar som vart vitne til at ein Hydrolift vart teken av ei stor bølge som kom frå tankbåten, i Karmsundet fredag. Passasjeren ramla på golvet og da han kom til seg sjølv att, hadde dei nesten full gass og var på veg mot tankskipet, som låg ved kai. Sjåføren som var bevisstlaus, må ha kome borti gass-spaka da han vart slengt framover. Passasjeren klarte å kome seg fram for å sakke farta, sånn at det berre vart eit lite dunk i tankbåten. Ungdommane fekk ringt til ambulanse og den eine ungdommen fekk tatt seg om bord i ulykkesbåten og køyrt dei til kai på vestsida.

Mann,
Skadd

Mann,
Skadd

Tinnsjøen,
Notodden,
Vestfold og Telemark,
04.06.2020

To personer måtte hoppe i vatnet  da båten tok fyr på Tinnsjøen i pinsehelga. Det høyrtes ut som ein kanon som smalt.
Ein familie stod på brygga og klargjorde båten sin da dramatikken utspilte seg laurdag ettermiddag. Me reagerte, for lyden frå snekka var kraftigare enn den vanligvis bruker å være. Om bord i båten som akkurat hadde dratt frå brygga, satt to personer, som bsåg seg nødt til å kaste seg ut i vatnet da båten tok fyr. Vi høyrde bare skrik etter hjelp. På brygga stod sønnen min og eg forskrekka, mens mannen min køyrde vår båt ut mot brannen. Han fekk plukka paret opp i sin eigen båt, som kun hadde komme seg eit steinkast ut frå brygga. Alt gjekk heldigvis bra, men der og då var det ganske dramatisk.

Materielle skader

Hinderåvåg,
Nedstrand,
Tysvær,
30.05.2020

To menn i 20-årsalderen er skadd etter ei båtulykke natt til laurdag. Dei hadde kollidert med ein stake. Store redningsressursar vart sendt til staden, og to menn i 20-årene ble funnet i eller ved fritidsbåten. Båten flaut framleis og ein av de to i båten hadde brekt eit eller begge beina. Den andre mannen skal ha hatt diverse smerter i kroppen.
Båten, ein åpen fritidsbåt med en 20-hestars påhengsmotor, har store skader etter kollisjonen.
Det er tatt blodprøver av de to i båten, for å undersøke om de hadde promille, men at resultatene av disse ikke er klar ennå.

Mann, 20 år
Skadd

Sykkylven,
Ålesund,
Møre og Romsdal,
24.05.2020

To menn er innlagt på sjukehuset etter ei vass-scooterulykke på laurdag kveld. Vitne som hadde sett ulykka, drog ut og berga mennene og frakta dei til legevakta. Politiet har ikkje snakka med de, men har sikra blodprøve frå føraren, då det er mistanke om promillekøyring. Politiet vet lite om høve rundt hendinga og dei er usikre på kva som kan ha skjedd med vass-scooteren.

Mann, 20 år
Skadd

Mann, 30 år
skadd

Rørvik,
Kleiva,
Trøndelag,
23.05.2020

Ein 10 år gammal gut vart frakta til Sjukehuset med luftambulanse etter ei båtulykke ved ein campingplass laurdag kveld. Han har vært ute og køyrd i båt og har mest trulig komme borti en bergvegg. Kordan dette har skjedd er ikkje kjent. Han har blitt skadd i forbindelse med dette, men skadeomfanget er uklart.

Gut, 10 år
Skadd

Storøya,
Langevågen,
16.05.2020

Ein båt sto i fri utføre ei Odde samstundes som føraren ordna med fiskeutstyr. Føraren hadde observert ein mindre båt tidlegare med 3 passasjerar i, som «tullekøyrde» på fjorden. Passasjerane var alle under 10 år. Brått køyrde den minste båten med fronten inn i den store båtens høyre side. Ein passasjer på den litle båten vart alvorleg skadd som følge av ulykka.

Mindreårig,
Skadd

Viken,
11.05.2020

Ein person er køyrd til sjukehus, vurdert som kritisk skadd, etter ein gasslekkasje på en seglbåt. Hendingsrekka er per nå noko uklart, men det vert sett i samanheng med eit varmeapparat i båten.

Mann
Skadd

Hyggen,
Drammensfjorden,
Viken,
09.05.2020

Den nå omkomne ramla i vatnet då båten skulle fyrtøyas. I det han kasta ut fenderen, falle han utfor, og ramla i vatnet. Førar av båten hoppa ut i sjøen for å hjelpe kameraten sin, noko han ikkje greidde. Han vart hjelpe opp av vatnet av ein som såg hendinga. Det var ingen av dei som hadde redningsvest på seg når ulykka skjedde. Personen som blei redda, var eiger av båten, han blåste negativt på alkohol.

Mann, 80 år
Skadd

Vesla-Sild,
Varaldsøy,
Kvinnherad,
Vestland,
19.04.2020

Ein fritidsbåt gjekk på grunn natt til søndag. To personar vart frakta til Haukeland universitets sjukehus. Ein mann var bevisstlaus da han blei redda ut av vatnet, opplyser politiet. Han blei erklært død i 08-tida søndag morgon. Kvinna, som varsla om ulykka, skal ha ligge i sjøen og heldt mannens hovud over vatn, mens ho klamra seg til land. Kvinna er ikkje livstruande skadd

Mann, 48 år
Død

Kvinne,
Skadd

Solumstrand,
Drammensfjorden,
Viken,
11.04.2020

To personar ramla av vass-skuteren, og begge vart frakta av redningshelikopter til legevakta for undersøking. Det er mistanke om promillekøyring og høg hastigheit. Ein person hadde på seg redningsvest.

Mann, 20 år
Skadd

Mann, 20 år
Skadd

Nord for Stad,
Møre og Romsdal,
14.02.2020

Ein mann og ein åtte meter lang båt vart melde sakna nord for Stad. Eit redningshelikopter vart vitne til at båten køyrde rett på eit skjer, og at det var flammar som brann inni båten. Mannen hadde tydelege problem i sjøen og var utan redningsvest. Helikopteret henta han opp og frakta han til sjukehuset. Han låg om lag fem minutt i sjøen, ti meter frå fartøyet. 

Mann, 46 år,
Skadd

 

Nidelva, Trondheim,
Trøndelag,
01.02.2020

Ein ung mann vart kasta av ein vass-skuter då han svinga brått under ein testtur. Føraren var aleine på skuteren. Han vart frakta til sjukehuset, og det går bra med han.

Mann, 
Skadd