Skadde 2020

Fritidsbålykker med skadde i 2020
Registrering av hendelser med ulykker er hentet fra mediesøk og er en ikke utfyllende liste.

Antatt stad og dato

Antatt hendingsrekke

Konsekvensar på person

Mellom Hamresanden og Kjevik, 16.07.2020

 

Personskade i forbindelse med bruk av vannscooter. Person falt av under hopping i bølger fra båt.
Personen kjørt til sykehus med mistanke om hofte brudd eller ut av ledd.

Nidelva, Trondheim,
Trøndelag,
01.02.2020

Ein ung mann vart kasta av ein vass-skuter då han svinga brått under ein testtur. Føraren var aleine på skuteren. Han vart frakta til sjukehuset, og det går bra med han.

Mann, 
Skadd

 

Nord for Stad,
Møre og Romsdal,
14.02.2020

Ein mann og ein åtte meter lang båt vart melde sakna nord for Stad. Eit redningshelikopter vart vitne til at båten køyrde rett på eit skjer, og at det var flammar som brann inni båten. Mannen hadde tydelege problem i sjøen og var utan redningsvest. Helikopteret henta han opp og frakta han til sjukehuset. Han låg om lag fem minutt i sjøen, ti meter frå fartøyet. 

Mann, 46 år,
Skadd

 

Solumstrand,
Drammensfjorden,
Viken,
11.04.2020

To personar ramla av vass-skuteren, og begge vart frakta av redningshelikopter til legevakta for undersøking. Det er mistanke om promillekøyring og høg hastigheit. Ein person hadde på seg redningsvest.

Mann, 20 år
Skadd

Mann, 20 år
Skadd

Vesla-Sild,
Varaldsøy,
Kvinnherad,
Vestland,
19.04.2020

Ein fritidsbåt gjekk på grunn natt til søndag. To personar vart frakta til Haukeland universitets sjukehus. Ein mann var bevisstlaus da han blei redda ut av vatnet, opplyser politiet. Han blei erklært død i 08-tida søndag morgon. Kvinna, som varsla om ulykka, skal ha ligge i sjøen og heldt mannens hovud over vatn, mens ho klamra seg til land. Kvinna er ikkje livstruande skadd

Mann, 48 år
Død

Kvinne,
Skadd

Hyggen,
Drammensfjorden,
Viken,
09.05.2020

Den nå omkomne ramla i vatnet då båten skulle fyrtøyas. I det han kasta ut fenderen, falle han utfor, og ramla i vatnet. Førar av båten hoppa ut i sjøen for å hjelpe kameraten sin, noko han ikkje greidde. Han vart hjelpe opp av vatnet av ein som såg hendinga. Det var ingen av dei som hadde redningsvest på seg når ulykka skjedde. Personen som blei redda, var eiger av båten, han blåste negativt på alkohol.

Mann, 80 år
Skadd

Viken,
11.05.2020

Ein person er køyrd til sjukehus, vurdert som kritisk skadd, etter ein gasslekkasje på en seglbåt. Hendingsrekka er per nå noko uklart, men det vert sett i samanheng med eit varmeapparat i båten.

Mann
Skadd

Storøya,
Langevågen,
16.05.2020

Ein båt sto i fri utføre ei Odde samstundes som føraren ordna med fiskeutstyr. Føraren hadde observert ein mindre båt tidlegare med 3 passasjerar i, som «tullekøyrde» på fjorden. Passasjerane var alle under 10 år. Brått køyrde den minste båten med fronten inn i den store båtens høyre side. Ein passasjer på den litle båten vart alvorleg skadd som følge av ulykka.

Mindreårig,
Skadd

Rørvik,
Kleiva,
Trøndelag,
23.05.2020

Ein 10 år gammal gut vart frakta til Sjukehuset med luftambulanse etter ei båtulykke ved ein campingplass laurdag kveld. Han har vært ute og køyrd i båt og har mest trulig komme borti en bergvegg. Kordan dette har skjedd er ikkje kjent. Han har blitt skadd i forbindelse med dette, men skadeomfanget er uklart.

Gut, 10 år
Skadd

Sykkylven,
Ålesund,
Møre og Romsdal,
24.05.2020

To menn er innlagt på sjukehuset etter ei vass-scooterulykke på laurdag kveld. Vitne som hadde sett ulykka, drog ut og berga mennene og frakta dei til legevakta. Politiet har ikkje snakka med de, men har sikra blodprøve frå føraren, då det er mistanke om promillekøyring. Politiet vet lite om høve rundt hendinga og dei er usikre på kva som kan ha skjedd med vass-scooteren.

Mann, 20 år
Skadd

Mann, 30 år
skadd

Hinderåvåg,
Nedstrand,
Tysvær,
30.05.2020

To menn i 20-årsalderen er skadd etter ei båtulykke natt til laurdag. Dei hadde kollidert med ein stake. Store redningsressursar vart sendt til staden, og to menn i 20-årene ble funnet i eller ved fritidsbåten. Båten flaut framleis og ein av de to i båten hadde brekt eit eller begge beina. Den andre mannen skal ha hatt diverse smerter i kroppen.
Båten, ein åpen fritidsbåt med en 20-hestars påhengsmotor, har store skader etter kollisjonen.
Det er tatt blodprøver av de to i båten, for å undersøke om de hadde promille, men at resultatene av disse ikke er klar ennå.

Mann, 20 år
Skadd

Tinnsjøen,
Notodden,
Vestfold og Telemark,
04.06.2020

To personer måtte hoppe i vatnet  da båten tok fyr på Tinnsjøen i pinsehelga. Det høyrtes ut som ein kanon som smalt.
Ein familie stod på brygga og klargjorde båten sin da dramatikken utspilte seg laurdag ettermiddag. Me reagerte, for lyden frå snekka var kraftigare enn den vanligvis bruker å være. Om bord i båten som akkurat hadde dratt frå brygga, satt to personer, som bsåg seg nødt til å kaste seg ut i vatnet da båten tok fyr. Vi høyrde bare skrik etter hjelp. På brygga stod sønnen min og eg forskrekka, mens mannen min køyrde vår båt ut mot brannen. Han fekk plukka paret opp i sin eigen båt, som kun hadde komme seg eit steinkast ut frå brygga. Alt gjekk heldigvis bra, men der og då var det ganske dramatisk.

Materielle skader

Karmsundet,
Haugesund,
Rogaland,
13.06.2020

 

Det var nokre ungdommar som vart vitne til at ein Hydrolift vart teken av ei stor bølge som kom frå tankbåten, i Karmsundet fredag. Passasjeren ramla på golvet og da han kom til seg sjølv att, hadde dei nesten full gass og var på veg mot tankskipet, som låg ved kai. Sjåføren som var bevisstlaus, må ha kome borti gass-spaka da han vart slengt framover. Passasjeren klarte å kome seg fram for å sakke farta, sånn at det berre vart eit lite dunk i tankbåten. Ungdommane fekk ringt til ambulanse og den eine ungdommen fekk tatt seg om bord i ulykkesbåten og køyrt dei til kai på vestsida.

Mann,
Skadd

Mann,
Skadd

 

 

Til toppen