Omkomne 2020

Fritidsfartøyulykker med omkomne 2020

Antatt stad og dato

Antatt hendingsrekke

Konsekvensar på person

Lurøysundet,
Helgeland,
Nordland 
17.03.2020 

Ein mann er stadfesta omkomen etter funn av ein kantra fritidsbåt. Det var ein båt frå oppdrettsanlegget i nærleiken som fann mannen under den kantra båten, da han løfta han opp av sjøen med ein krane. Mannen var busett i same område som han var ute for å dra garn i. Båten tippa rundt da mannen skulle dra inn garnet. Det var bølger på rundt ein meter, og det var ein del vind i området. Han hadde på seg redningsvest. 

Mann, 70 år, 
Død 

Mjøsa,
Hamar,
Innlandet 
23.03.2020 

Avdøde har lagt ut på padletur på Mjøsa, der det byrja å blåse opp slik at kajakken truleg vart svært vanskeleg å manøvrere. Avdøde var berre iført vanleg yttertøy. Utan redningsvest hamna han i "kalde Mjøsa" og drukna. Han vart funnen ved helikoptersøk ikkje langt frå den flytande kajakken. 

Mann, 24 år, 
Død 

Hemnes,
Karlsøy,  
Troms 
04.04.2020 

Laurdag ettermiddag vart ein eldre mann funnen i fjæra i nærleiken av småbåthavna på Hansnes, i Karlsøy kommune. Lege har erklært mannen omkomen. Mannen hadde tatt båten på havet og var på veg attende da han fall over bord. Politiets undersøking så langt, styrker oppfatninga om at årsaka til dødsfallet skylde ei ulykke. 

Mann, 81 år
Død 

Vesla-Sild, 
Varaldsøy, 
Kvinnherad, 
Vestland 
18.04.2020

Ein fritidsbåt gjekk på grunn natt til søndag. To personar vart flydd til Haukeland universitets sjukehus. Ein mann i byrjinga av 50 åra var bevisstlaus da han vart redda ut av vatnet. Han var erklært død i 08-tiden søndag morgon. Kvinna, som varsla om ulykka, skal ha lege i sjøen og klamra seg til land. Kvinna er ikkje livstrua skadd. 

Mann, 51 år 
Død 

Kvinne, 38 år 
Skadd 

Kvigesundsholmane, 
Brandanger, 
Gulen, 
Vestland 
28.04.2020 

Ein eldre mann er funnen død ved Kvigesundsholmane i Gulen. Politiet trur det er same person som var meld sakna etter ei drukningsulykke tidlegare i uka. Mannen var alene på ei hytte i Brandanger da familien prøvde å få kontakt med han, men lykkast ikkje med det. Det ble gjort eit omfattande søk, etter at ein robåt ble funnen bunden til ein fiskemerd med fisk i. Tauet til bøya hadde hekta seg fast i åre-gaffelen i båten. Støvlane til mannen vart funnet på botnen under båten. 

Mann, 90 år 
Død 

Hyggen, 
Asker,
Viken,
09.05.2020 

Ein er mann henta opp av vatnet av ein dykkar, etter å ha loge 40 minuttar under vann. Mannen vart frakta i helikopter til Ullevål sjukehus, men livet hans sto ikkje til å redda. Ifølgje politiet skjedde drukningsulykka da to menn skulle fortøye ein båt. 

Mann, 74 år 
Død 

Hvaler,
Oslo,
22.05.2020

To personar er funnet omkomme etter ei ulykke med vann scooter. Dei forulykka gjekk ut med scooteren i 19 tida fredag kveld, og vart meldt sakna i 22 tida. Søk vart iverksett under dårlege og utfordrande vêrforhold (bølgjehøgda på 5 m). Scooteren vart funnen delvis nedsenka i fire tida, og dei to personane vart funnen ca. kl. 09:00 laurdag morgon.

Mann, 34 år
Død

Mann, 36 år
Død

Mjøsa,
Gjøvik,
24.05.2020

Ein eldre mann er bekrefta omkommen etter å ha blitt funne livlaus i Mjøsa natt til søndag. Han vart frakta til sjukehuset, men livet sto ikkje til å redda. Det er uklart kva som har hendt, men han vart funnen i vatnet i nærleiken av der han har ein båt liggjande. 

Mann, 70 år
Død

Årebrot,
Kinn,
Vestland,
30.05.2020

Ein 60 år gammal mann omkom etter at ein båt gjekk på grunn ved Krespinusholmen ved Årebrot i Kinn kommune laurdag ettermiddag. Redningsskøyta Halfdan Grieg rykte ut til ulykka, der det kort tid etter blei henta ein livlaus person opp frå sjøen. Den omkomne var åleine i båten.

Mann, 60 år
Død

Hamnøya,
Vevlestad,
Sør-Helgeland,
Nordland,
14.06.2020

Ei tragisk hending har skjedd på Hamnøya i Vevelstad på Sør-Helgeland søndag. Politiet fekk melding om at hjarte- og lungeredning var satt i gang på ein mann i 80-åra. Kort tid forut hadde mannen lagt på svøm for å hente sin eigen båt som var på rek. Kona såg fra land at han fekk problem med å halde hovudet over vatnet. Kona fekk han opp på land og saman med helsepersonell, som tilfeldigvis var på staden, vart det satt i gang hjarte- og lungeredning. Mannen vart dessverre erklært død av lege. 

Mann, 80 år
Død

Nesalleen,
Tønsberg,
Vestfold og Telemark,
26.06.2020

Mannen som vart funnen omkomen i vatnet ved Nesalleen, ramla tre meter og traff båten før han traff vantnet. Politiet fikk melding klokka 23.40 og mannen vart funnen av dykkarar klokka 00.25. Båten mannen ramla fra lå fortøyd til brygga.
 

Mann, 40 år
Død

Borsæ i Tokke,
Vestfold og Telemark,
16.07.2020

Ein båt gjekk rundt og ein mann ramla i vatnet ved ein innsjø. Helsepersonell prøvde å redde mannen, men livet kunne ikkje bergast. Årsaka til kvifor båten gjekk rundt er ukjent. Det var forbipasserande som melde frå om ulykka. 

Mann, 76 år
Død

Anarjohka,
Finnmark
26.07.2020

Ein mann vart meldt sakna natt til måndag etter at ein elvebåt hadde kantra i grenseelva Anárjohka mellom Norge og Finland. Personane skulle sette ut båten da den endte på tverra og tok inn vatn. Dei klarte ikkje å holde båten, så den omkomne ramla ut i elva og vart hengande fast i båten. Den andre personen kom seg i land på finsk side og varsla finske nauddetatar. Da meldaren kom attende til staden var personen vekk.

Mann, 69 år
Død

Bildøy,
Øygarden,
Vestland,
25.07.2020

Ein mann vart erklært omkommen etter ei sjøulykke i båthavna på Bildøy i Øygarden. AMK fekk varsel om hendinga i 21-tida laurdag. Mannen held på med vedlikehaldsarbeid på ein båt fra ei flytebrygge, saman med ein kammerat, då han mista balansen og havna i sjøen. Kammeraten fekk varsla folk på land. Dei bistod med å få mannen opp av vatnet og igangsatte førstehjelp. Han vart henta av luftambulansen og flydd til Haukeland sjukehus, men livet stod ikkje til å redda.

Mann, 67 år
Død

 

Til toppen