Framtidige sjøfolk frå Høgskolen Stord Haugesund, Karmsund maritime fagskole og Austevoll maritime fagskole brukte første dagen i oktober til å læra meir om Sjøfartsdirektoratets abeid. På programmet stod mellom anna informasjon om sertifikat, internasjonale regelverk, tryggleik om bord, og  ein presentasjon av sjømannsidretten.

- Korleis me skal søkja sertifikat er vel det som er mest interessant for oss. Og informasjon om kadettplassar, seier Trygve Rabben og Joakim Hestnes, som begge går maritim fagskole på Austevoll. 

åpen dag 2015

 - Det er greitt med litt informasjon, sjølv om me har vore borti ein del av det frå før, seier Henriette Vedøy, som går på maskinoffiserlinja ved Karmsund maritime fagskole. Ida Økland og Gunhild Bondhus tar også maritime fag på same skolen, og kryssar fingrane for at marknaden i den maritime bransjen vil snu før dei skal ut i lære om to år.

- Eg har drøymt om å jobba på sjøen sidan eg var lita jente. Aller helst vil eg i utanriksfart, seier Gunhild Bondhus.

åpen dag 2015

Opninga av arrangementet var det sjøfartsdirektør Olav Akselsen som stod for.

- Det er viktig for Sjøfartsdirektoratet å vera tilgjengelege for næringa, og for dei som utdannar seg til å bli del av den. Dei vil ha kontakt med oss når dei er utdanna sjøfolk, og då kan det vera greitt at dei kjenner oss og veit kva me driv med, seier Akselsen.

- Me har også gjennomgått ei omlegging av sertifikattenestene våre, som det kan vera nyttig for studentane å kjenna til, påpeiker Akselsen.

åpen dag 2015