Tekst og foto: Elias Engevik og Mats Hjelmeland, Forsvaret.

For snart to år sidan sto dei midt oppe i to utfordrande situasjonar. Under antipirat-operasjonen Ocean Shield i Adenbukta i 2013, utførte KNM Fridtjof Nansen to redningsaksjonar der 13 menneskeliv vart redda. Tysdag 3. november skulle innsatsen til skipssjef og besetning heidrast på Haakonsvern.

– Det at vi har redda 13 menneskeliv kjennes godt, så eg er veldig stolt over at vi har fått denne anerkjenninga. Dette er ikkje noko eg har gjort sjølv, heile besetninga på KNM Fridtjof Nansen, inkludert Marinejegerkommandoen som var sentrale i redningsaksjonen har vore med på dette, punkterer kommandør Ståle Pedersen.

Fylkesmann Lars Sponheim var til stades på vegne av Sjøfartsdirektoratet og stod for utdelinga av medaljen, og plakett og diplom til besetninga.

– Først må eg få sagt at dette er skjeldent. Eg har i dag delt ut det eg vil kalle Sjøfarts-Noreg sin medalje for redningsdåd til sjøs. Når denne medaljen blir delt ut er det ei verkeleg heltedåd bak. Desse to hendingane som gjorde at skipssjef Pedersen med besetning fekk denne anerkjenninga er heilt i kjerna av føremålet med denne medaljen, sa Sponheim.

I forslaget om «Medaljen for redningsdåd til sjøs», skildra dåverande nestkommanderande på «Nansen», kommandørkaptein Arild Skoge, innsatsen med følgande:

«Under uføresette hendingar der ein skipssjef, grunna risiko for eige fartøy og besetning, kan velje å la være å gjennomføre redningsaksjonar, valte skipssjef Ståle Pedersen likevel å gjennomføre redningsaksjonane. Begge operasjonane vart gjennomført med leiarskap i ypparste klasse, ved bruk av heile fartøyets organisasjon, for å sikre at sikkerheita til eige mannskap vart ivaretatt og med det resultat at 13 menneskeliv vart redda og gitt en ny moglegheit i livet».

Ståle Persen mottar Medaljen for redningsdåd til sjøs

STOLT: Fylkesmann i Hordaland, Lars Sponheim delte ut medaljen til Ståle Pedersen og hans besetning på KNM Fridtjof Nansen,  på vegne av Sjøfartsdirektoratet. FOTO: FORSVARET