Dei siste åra har både Sjøfartsdirektoratet og regjeringa jobba målretta for å auka talet på skip i NIS. I regjeringas maritime strategi som blei lagt fram våren 2015, blei det varsla ei oppmjuking av reglane for NIS-skip i kystfart, offshore konstruksjonsskip og utanriksferger, pluss ei utviding av tilskotsordninga for sjøfolk. Resultata let ikkje venta på seg.

– Me veit at over 30 skip ser på innflagging til NIS, som ein direkte følgje av dei reviderte reglane for fartsområde, og talet vil truleg auka ytterlegare, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen. Totalt meiner Akselsen det er realistisk å håpa på 50 nye skip til NIS dette halvåret.

– Dette er eit konkret eksempel på at vår maritime politikk fungerer. Det er bra og viktig at enda fleire no vil ha norsk flagg i hekken. Det betyr mykje for norske arbeidsplassar og framtida for norsk maritim næring. Eg håpar fleire vil følja etter, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Snur trenden

President i Norges Rederiforbund, Lars Peder Solstad har tru på at talet på norskregistrerte fartøy vil auka ytterlegare.

– Det nye regelverket er mykje meir tilpassa realitetane i den norske flåten, og den fulle effekten vil me først sjå når endringane i tilskotsendringa for sjøfolk i NIS trer i kraft, seier Solstad. Omlegginga krev godkjenning av ESA, og er venta å vera klar i løpet av våren. Etter mange år med nedgang for NIS, ser det endeleg ut til at trenden har snudd. 

– Utviklinga viser at Noreg er ein attraktiv flaggstat, og med fleire norskregistrerte skip får sjøfartsnasjonen Noreg større pondus internasjonalt, seier Akselsen. Han viser til at storleiken på den nasjonale flåten har innverknad på innflytelsen landet får i internasjonale forum, som til dømes FNs sjøfartsorganisasjon IMO.

Dei aktuelle fartøya kan delast inn i to kategoriar, konstruksjonsskip, som no kan vera registrerte i NIS og operera på norsk sokkel, pluss lasteskip som no får lov å føra last mellom norske hamner når det er del av ei regulær rute mellom norsk og utanlandsk hamn.