Kvifor er det så kjekt med hummarfiske? 

For meg er det tradisjon, og eg er vel inne i det 15 året med hummarfiske. Eg fiskar hummar i lag med svigerfar eller pappa. Det er kjekt å ha noko felles, og ha tid til å prate i ein travel kvardag. Er det fint ver tar eg gjerne med sonen min også. Det er ein fin måte å vere i lag på.  

Kor i landet er det du fiskar?  

På sørvestsida av Karmøy. Her er det vêrhardt, men det er verdas beste plass, sjølvsagt 

Sidan det er så vêrhardt er det kanskje greitt å ha med seg fleire i båten? 

Ja, eg går sjeldan ut for å drive hummarfiske aleineDet er jo mykje krefter i sving.  Då synest eg det er greitt at svigerfar eller far kan manøvrere båten og sjå etter teinevak, medan eg tar meg av teinene.  Det er og fint å ha nokon å diskutere tryggleik med. Om me er to som er einige om at vêret er for dårleg, er det lettare å bli einige om å ikkje gå ut denne dagen.  

Er du god på å sjekke vêrmeldinga? 

Haha, ja. Eg vil påstå at eg kunne vore med i NM i sjekk av vêrvarsel. Eg tenkjer mykje på kva for eit vêr det er, og kva for eit vêr som er meld når teinene skal opp. Eg prøver alltid å sette teinene der dei ligg i  når dei skal opp igjen. Det er ingenting verre enn å prøve å dra opp teiner i kraftig sønnavind med avdrift, dønningar og teinevak overalt. Eg likar å følge med på live vindmålarar via ulike appar på telefonen.  

 

 

Høyrest lurt ut. Kva for ein båt og kor mange teiner har du? 

Eg har ein ganske ny, 18 fots skjergardsjeep, og åtte teiner. To av teiene er små og lette. Dei brukar eg hvis eg skal ut med sonen min i fint vêr, for at han skal få prøve seg på litt lettare utstyr. Eg synest at åtte er eit fint antal. Kvar teine er på 12-13 kilo. Om det i tillegg er sjø, dønningar og dei er fylte med krabbe, kan det bli tungt å handtere. Det er viktig at eg klarar å hale dei inn og setje dei ut på ein trygg måte, at dei ligg trygt og stabilt i båten og at dei ikkje tar opp for mykje plass på dekk 

Har du noko utstyr med deg som kan gjere turen tryggare? 

Ja, eg har ein kraftig dregg, kjetting og ekstra tau, slik at eg kan få feste om det er djupt. Eg vil vere forberedt om eg skulle få motorstopp, så eg ikkje rek i land. I tillegg har eg utstyr for å kunne gi signal i tilfelle naud, både med røyksignal og lys. Elleer flyteplagg heilt sjølvsagt når eg skal ut i båten. Hummarfiske kan både vere tungt og varmt, men eg har funne ut at regnklede med flyteelement ofte fungerer bra. Er det litt meir sjø brukar eg flytedrakt. 

Me veit at det å ha moglegheit for å varsle om noko skjer er viktig. Har du en plan for dette? 

Ja, dette er noko eg har tenkt ein del på. Me plaalltid å seie ifrå om kvar me skal, og me fiskar stort sett i det same området kvar gong. Når ein er våt på hendene så synest eg ikkje alltid det er så lett å handtere ein mobiltelefon, så i fjor gjekk eg til innkjøp av ein berbar VHF. Det er godt å vete at eg kan få tak i andre båtar eller redningstenesta om det blir behov for det. Det er jo og ein ekstra tryggleik for alle oss som fiskar i same område at det er nokon som lyttar på VHF. Eg er med i den lokale båtforeininga og kjenner fleire andre som pleier å dra ut på sjøen. Det er viktig for alle at me følger litt med på kvarandre. 

Kva hadde du gjort om du fall over bord da? 

Hehe, ja det kan jo skje, det. Da er det viktig at me er to, og at flyteustyret er på. Eg trur det hadde vore verre å kome seg opp i måten igjen om eg var aleine. Båten min har heldigvis ein god, brei stige, så det skal vere mogeleg å kome seg om bord frå sjøen.  

 


Har du nokre tryggleikstips til andre hummarfiskarar? 

Eg har sett at mange båteigarar rundt meg legg servicen av båten til tida rett før hummarfiske. Det er ein god ide, synest eg. Sjølv likar å vete at motor og batteri er sjekka, og at olje og filter er bytta før hummarfiske set i gang. 

Har du tenkt å bruke propellen som teinehaler i år? 

Hehe, nei, det er jo den store skrekken det. Ein ting eg alltid plar å ha med i båten, er ein sylkvass kniv. Om ein får problem med ei teine, så må ein ha moglegheit til å kappe den. Da får ein heller varsle om tapt reiskap etterpå, tenker eg. Eg ser jo at me hummarfiskarar gjerne slenger teiene uti på same staden og, så da bruker eg alltid synketau for å unngå at andre får tauet mitt i propellen.

Kor mange humrar skal du ha før du gir deg i år, da? 

Det er ei god kjensle å få hummar. Me plar alltid å ha eit hummarlag med familien. Ein skal jo ikkje ta meir enn ein kan ete, men det er nå kjekt å ha ein hummar til kvar.   


 

 

Lykke til med årets hummarfiske, Magnus!