Oversikta vurderer flaggstatane ut frå ei rekke ulike kriterier, som mellom anna rangering i hamnestatskontrollar, om flaggstaten ratifiserer sentrale maritime konvensjonar, alderen på flåten og deltaking på IMO-møter. Det er International Chamber of Shipping (ICS) som står bak oversikta som kjem ut ein gong i året.

– Dette er svært gledeleg og viser nok ein gong at Noreg er ein attraktiv flaggstat. Saman med næringa har Sjøfartsdirektoratet jobba målretta for å auka kvaliteten på norskflagga fartøy. Slike resultat gir oss tyngde både i nasjonale og internasjonale fora, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad. Han legg til at Sjøfartsdirektoratet i seinare år  har lagt om på arbeidsmetodane når det gjeld oppfølging av fartøy under norsk flagg, noko som bidreg til auka kvalitet.

Målet med lista er ifølgje ICS todelt. Dei ønskjer å oppmuntra reiarar og operatørar til å vurdera kvaliteten nøye ved val av flaggstat, og å oppmoda reiarane til å ha dialog med flaggstats-administrasjonane for å bidra til forbetringar som gjeld tryggleik, miljø og arbeidstilhøve.

Også i fjor fekk Noreg toppscore på oversikta som du finn her.