Sjøfartsdirektør Olav Akselsen meiner to megatrendar vil skilja seg ut i den maritime framtida; ny teknologi og strengare miljøkrav.

- Det vil komma stadig fleire internasjonale krav til reduksjon av utslepp frå skipsfarten. Det trur eg fakstisk vil vera til fordel for den norske bransjen, som allereie er langt framme i denne utviklinga, sa Akselsen. Han viste til at Noreg lenge har vore leiande innan LNG og bruk av andre alternative drivstoff.

- Når det går mot sommar skal fire nye biometanol skip vera klare for sjøsetting. Dei skal segla under det norske flagget, og det er me veldig stolte av. Årsaka til at reiarane vel norsk flagg for desse er at dei opplevde Sjøfartsdirektoratet som positive og løysningsorienterte då dei la fram planane, fortalte Akselsen.

Han påpeika at Sjøfartsdirektoratet har som mål å spela på lag med næringa, og oppmoda om at dei som sit med idear og planar for ny skipsteknologi tek kontakt med Sjøfartsdirektoratet på eit tidleg tidspunkt.

- Me opplever dessverre ofte at det nesten er klart for skipsdåp når ein tar ontakt med oss, og då kan me bli oppfatta som unødvendig skeptiske når me stiller kontrollspørsmål. Tidligare har det vore kultur for at ein ikkje skal ta kontakt med Sjøfartsdirektoratet for tidlig i prosessane, men det ønskjer me å forandra. Det vil forenkla prosessane veldig dersom me er med frå tidleg av, sa sjøfartsdirektøren.