I 2018 skjedde det ei særs alvorlig ulykke tilknytta hummarfiske. To fedre som var sjøvande, omkom i ei båtulykke og kom ikkje heim til familiane sine igjen etter hummarfiske. Me i Sjøfartsdirektoratet ønsker å unngå at liknande skjer igjen, og oppmodar deg til å tenka ekstra godt på eigen tryggleik.

Her er nokre tips du kan ta med deg:

  • Respekter værmeldingane! Hummerfiske skal berre føregå under eigna tilhøve.

  • Bruk redningsvest eller flyteplagg! Det kan vera vanskeleg å halda seg flytande med masse våte klede dersom du hamnar i vatnet. NB! Hugs påbodet om å ha på deg flyteplagg. Og hugs å sjekka om den oppblåsbare vesten er oppdatert, og om du treng ny gasspatron eller saltvannstablett. Sjekk datostempling, og skru til patrona. 

  • Meld frå kor du går, og ha med naudsynt varslingsutstyr. Mobiltelefon i vasstett pose kan komma godt med.

  • Ha det ryddig i båten! Pass på at tau er rydda og ikkje ligg i vegen for rørsle i båten.

  • Ha tilgjengeleg ein skarp kniv til å kunna kutte tauverk.

  • Unngå kantring, og tenk difor på stabiliteten i båten når du stablar teiner.

  • Ein bør helst vera to personar i båten under hummarfiske.

Me ønsker deg eit sikkert hummarfiske og håpar inderleg du tenker på eigen tryggleik. Tenk med hjarta!