Sjøfartsdirektoratet ser det som positivt å delta i dette  internasjonale prosjektet, der også Kystverket vil vere ein viktig aktør frå Noreg. Me håpar at ein gjennom det å dela erfaringar kan byggja kunnskap på tvers av landegrensene, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad. 

Det var Alvestad som representerte Noreg  den internasjonale gruppa hadde sitt første digitale møte tysdag 4. august. Det er store maritime nasjonar som startar opp samarbeidsprosjektet som får namnet Maritime Autonomous Surface Ships Ports (MASSPorts). Landa som deltek, er Kina, Danmark, Finland, Japan, Nederland, Noreg, Sør-Korea og Singapore. Ein har som mål å dele erfaringar, finne fram til utfordringar og utvikle felles standardar for uttesting og implementering av autonome maritime operasjonar.

 

Noreg ligg langt framme

Noreg har lenge vore langt framme i forsking og utvikling på området. 

 Det spesielle i Noreg har vore det at både styresmakter, teknologibedrifter, maritime verksemder og forskingsinstitusjonar tidleg har sett på moglegheiter og utfordringar innan dette feltet, seier kystdirektør Einar Vik Arset. 

Noreg er også, via dei initiativa som mellom anna Sjøfartsdirektorat har tatt, den første kyststaten som utarbeider eigne retningslinjer for korleis ein skal kunne ta i bruk autonome skip i kommersielle operasjonar. 

 Allereie i 2016 vart det i Noreg etablert eit felles nasjonalt forum for dei som jobba med autonom teknologi (Norsk forum for autonome skip – NFAS). Dette har bidrege til at Noreg er verdsleiande i utviklinga av autonomi innan skipsfarten, seier Alvestad.

  

Du kan òg lese meir om saka på Kystverket si nettside.