Vi har sett ein enorm auke når det gjeld registreringar i NOR. Det verkar som om både kundane, forhandlarane og forsikringsselskapa begynnar å få augo opp for fordelane som kjem med ordninga, seier Henrik Askvik, som er dagleg leiar av Askeladden Boats. For den norske båtbransjen har to år med heimeferierande nordmenn betydd travle dagar og svært gode salstal. 

Henrik Askvik, Dagleg leiar i Askeladden Boats
Henrik Askvik, Dagleg leiar i Askeladden Boats Foto: Privat

Båtbransjen går som toget under pandemien, seier Askvik. 

At mange av dei som har investert i fritidsbåt vel å registrera båten i NOR, viser også igjen i Sjøfartsdirektoratet sine statistikkar. I 2013 var det 6826 fritidsbåtar registrert i NOR. I 2017 hadde talet stige til 8481, og ved utgangen av mai i år var talet oppe i 10.108. 

Eg har inntrykk av at kunnskapen og kjennskapen til NOR har auka blant båtfolket, og det er positivt. Vi har lenge meint at registrering i NOR burde vore obligatorisk, særleg med tanke på rettsvern. Når det gjeld kjøretøy på vegane er alt regulert, så det er litt rart at ikkje skal vera likt på sjøen, seier Askvik. 

Auka salsverdi

NOR er eit såkalla realregister, der sjølve båten blir registrert og får rettsvernog det er det einaste rettsvernregisteret for båtar i Noreg. Det betyr mellom anna at ein kan stilla båten som sikkerheit for lån og oppnå gunstigare finansiering. Registrering er frivilleg for eigarar av fritidsbåtar mellom 7 og 15 meter, medan båtar over 15 meter er plikta å stå i NOR.  

Høgare etterspurnad fører til auka salsverdi på bruktbåtar. Det er interessant å notera seg, seier Ole Kamlund, seksjonssjef ved avdeling Skipsregistrene i Sjøfartsdirektoratet. Han trekker ein klar parallell til panteverdien i NOR, som og skyt i veret. I 2017 var total panteverdi på fritidsfartøy i registeret på 746 millioner kroner. I 2020 viste same tall 918 millioner. 

 

Fakta NOR:  

  • Båtar mellom 7 og 15 meter kan frivillig registrerast i NOR  
  • Registrering i NOR gir auka tryggleik ved kjøp og sal  
  • Enklare finansiering ved at ein kan ta pant i båten 
  • Les meir om registrering av fritidsbåt i NOR her.