– Eg fekk ni fantastiske år i direktoratet før sjukdommen ramma. Og sjukdommen, og dei utfordringane den medfører, gjer at det er naturleg å avslutta no. Det har vore eit privilegium å få leia og representera Sjøfartsdirektoratet. Det har òg vore kjekt å få læra noko nytt kvar dag. Eg er stolt over det me har fått til i lag, og eg vil takka alle for samarbeidet, seier avtroppande sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Akselsen starta i rolla som sjøfartsdirektør i januar i 2010. Då hadde han lagt bak seg fleire periodar på Stortinget, der han mellom anna også var olje- og energiminister. I Sjøfartsdirektoratet har Akselsen vore ein markant leiar med stor omtanke for dei tilsette. Han har arbeida aktivt for å promotera Noreg som flaggstat og for å gjera direktoratet til ein attraktiv samarbeidspartnar.

– Eg vil takka Akselsen for den viktige innsatsen hans gjennom mange år, seier næringsminister Iselin Nybø. Akselsen har vore sentral i å utvikla Sjøfartsdirektoratet til ein moderne organisasjon som spelar ei avgjerande rolle i utviklinga av den maritime næringa, både nasjonalt og internasjonalt.

– Som sjef og kollega har Olav nytt alle sin respekt i Sjøfartsdirektoratet og i den maritime næringa. Han har sett sine spor både her og ute. Me skulle gjerne sett at åremålet vart avslutta til vanleg tid, men har òg forståing for at sjukdommen krev sitt, og me ynskjer Olav alt vel videre, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad.

Alvestad, som har fungert som øvste leiar dei siste to åra, vil fortsetja i denne rolla til det er tilsett ny leiar for direktoratet. Nærings- og fiskeridepartementet vil setja i gong denne prosessen i nær framtid.

– No vil eg takka alle som har vore med på reisa. Leiargruppa med Lars Alvestad, som har styrt skuta på ein utmerka måte dei to siste åra. Eg vil også takka alle dei fantastiske kollegaene i direktoratet. Eg vil takka alle eg har møtt på min veg. Representantar frå reiarlag, næringsorganisasjonar og fagforeiningar. Eg vil også takka Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet. Til slutt vil og ynskja lykke til vidare. Som sagt har det vore eit stort privilegium å få vera med, avsluttar Akselsen.