– Det nærmar seg slutten for det som skulle visa seg å bli eit langt og vanskeleg år. Mange har opplevd at kvardagen har blitt snudd på hovudet og saknar å kunne reisa til fjerne stadar, medan andre har vore på sjøen mykje lengre enn planlagt og ønska. Me vil retta ei stor takk til alle i den maritime næringa for innsatsen som har blir lagt ned, og kryssar fingrane for at me går lysare tider i møte i 2021, seier fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad.

Den siste tida har Sjøfartsdirektoratet fått tilsendt bilde som viser korleis sjøfolk har hatt det på jobb under pandemien. Ein del av desse kan du sjå i ei fersk videohelsing fra Sjøfartsdirektoratet.

We are here - with english subtitle from Norwegian Maritime Authority on Vimeo.

 

 

Nye arbeidsmetodar

2020 har bydd på nye utfordringar også for Sjøfartsdirektoratet, og då pandemien nådde Noreg i mars, blei det iverksett ei rekke tiltak for å sikra at pandemien ikkje skulle gå ut over tryggleiken på sjøen. I starten blei det gjennomført daglege statusmøter morgon og ettermiddag for at både tilsette og kundar skulle ha oversikt over situasjonen. Fristar for tilsyn og sertifikatfornying blei forlenga og delt på ei nyoppretta side på nettstaden vår, der direktoratet samla alle sine informasjonssaker om covid-19 og konsekvensar for næringa. Løysningsorienterte fagkoordinatorar fekk utvikla retningslinjer for nettbaserte fjerntilsyn då reiserestriksjonane hindra inspektørane frå fysisk oppmøte.

Frå 27. april blei det opna for å gjenoppta noko tilsynsaktivitet, i hovudsak sertifikatinspeksjonar og umelde tilsyn. Fjerntilsyn blei framleis brukt der det lot seg gjera, dersom reiarlaga ønska det.

 

Lærerikt

– Pandemien har ført til endringar hos mange, og det gjeld også for oss i direktoratet. Det har vore krevjande, men lærerikt, og me ser også ein del positive gevinstar av dei nye arbeidsmetodane, som me vil ta med oss vidare også etter at pandemien er over. Ved å ha møter på nettet sparer me både tid og miljøet, og det er ein god motivasjon å ta med seg vidare, seier Alvestad.