– Dette er ei utvikling me ser alvorleg på. Næringa er blitt flinkare til å rapportera inn ulykker, men me veit at det også finst mørketal, seier Oddbjørn Bugge Olsen ved Sjøfartsdirektoratets underavdeling lasteskip.

Berre fem av fartøya som var involverte i navigasjonsulykker med grunnstøting til no i år hadde godkjent kartutstyr om bord. Bruk av godkjente kartmaskinar kan bidra til å få ned talet på navigasjonsulykker, og vil difor ha auka fokus under Sjøfartsdirektoratets tilsyn framover.

Dersom det blir avdekka at fartøyet ikkje har godkjente kart om bord eller at de ikkje er blitt brukt kan det resultera i pålegg som gjer at fartøyet må ligga ved land til godkjent utstyr er på plass.

Førebygger ulykker

– Det å ha godkjent kartutstyr, som er tilgjengeleg der ein navigerer fratøyet frå, er eit av dei viktigaste ulykkesførebyggande tiltaka ein kan ha, seier Bugge Olsen ved Sjøfartsdirektoratets underavdeling lasteskip.

Han fortel at dei ofte ser døme på kartsystem som ikkje er godkjente, kart som ikkje ligg på brua, eller at karta som blir nytta er utdaterte.

– På norske sjøkart kjem det oppdateringar kvar fjortande dag, og desse er viktige å få med seg. Dersom ein nyttar godkjente kartmaskinar er ein garantert at minimumsstandarden er overheldt, legg han til.

Alternative løysingar for mindre fartøy

Det er eit krav at du skal ha oppdaterte papirkart som dekkjer området for den planlagde reisa, eller ha rattmerka ECDIS med tilhøyrande ENC-ar for farvatnet som fartøyet seglar i.

I tillegg skal ein ha ei reserveløysing. For mindre fartøy kan det vera ei utfordring å få plass til å arrangera kartbord eller å installera rattmerka kartmaskinar med store 24-tommars skjermar.

Sjøfartsdirektoratet har difor opna for at fartøy med lengde under 24 meter i liten kystfart kan nytta kartmaskinar med mindre skjermar, dersom dei er typegodkjente av Teknisk Kontrollorgan.

– Me ser at det er mange ulykker knytta til dette, og prøver difor å legga til rette for å finna gode løysingar for den minste delen av flåten som ikkje har så mykje plass om bord. Den nye standarden for dei minste fartøye blei jobba fram i samarbeid med kartprodusentar og DNV GL, og skal vera like bra som ein typegodkjent ECDIS for dei minste fartøya. Dei kan få mindre skjermar og likevel ha minimumsstandard på båten, opplyser Bugge Olsen.

VIKTIG: Oddbjørn Bugge Olsen er uroa over utviklinga og fortel at dette vil ha auka fokus under tilsyn framover. FOTO: SJØFARTSDIREKTORATET

 

Meir informasjon om alternativ til rattmerka kartmaskin finn du her, medan du finn forskrifta om navigasjon og navigasjonshjelpemidler for skip og flyttbare innretninger her.