– Me har alltid leita etter nisjemarknader, og me ser at vindparkane blir flytta lenger ut til til havs. Det krev ein annan type fartøy enn det som blir brukt til kystnære lokasjonar, sa Kenneth Walland, adm.dir. i Østensjø Rederi.

Dei har nyleg bestilt fire nye skip som skal støtta utbygginga av vindkraft til havs. Skipa, som skal leverast frå 2022 skal gå på diesel i kombinasjon med batteri i starten, men skal også bli klargjorte for hydrogendrift.

 

Gammalt kan bli nytt

Nils Haktor Bua, som er blant Sjøfartsdirektoratets fagfolk innan ny teknologi, nytta sitt innlegg til å sjå på kva som skjer på teknologifronten.

– Eit tips kan vera å sjå på korleis utviklinga på andre frontar kan gjera gammal teknologi aktuell igjen, sa Bua. Han viste mellom anna til Flying Foil, som jobbar med eit prosjekt basert på gammal hydrofoilteknologi, som gjer at ein kan redusera utsleppa frå snøggbåtar med 50 prosent.

 

Nye møter i andre byar

Marknadssjef i Sjøfartsdirektoratet, Caroline Whittle Stensland, er svært nøgd med tilbakemeldingane etter frukostmøtet, som er det første i ein serie av «flaggfrukostar» landet rundt.

– Tanken bak flaggfrukostane er å samle næringa til inspirasjon og gode samtalar, og sjølvsagt å fremma fordelane ved å flagga norsk, seier Whittle Stensland, som gler seg til å ta konseptet vidare til andre norske byar, som Oslo, Bergen. Stavanger og Ålesund.