– For det første er det gledeleg at det er stor interesse for å skaffe seg nødvendig kompetanse for fritidsbåt, særleg med tanke på at ekstra mange i år har valt båten som fritidsaktivitet. Det at me endar med ein oppgang første halvår etter ein spesiell vår med korona, syner også at det er gjort ein god innsats både i direktoratet, hos leverandøren vår og hos dei ulike testsentera rundt om i landet, seier fungerande sjøfartsdirektør, Lars Alvestad.

Det er firmaet Norsk Test AS som har fått jobben med å forvalte båtførarbevis på vegne av Sjøfartsdirektoratet. Då korona-krisa kom i mars starta dei, saman med Sjøfartsdirektoratet, arbeidet med å finne alternativ når testsentera måtte stengje for fysisk oppmøte.

– Den digitale videoovervaka testen som me utvikla har vore eit viktig bidrag til at mange nå i vår og sommar har kunna ta båtførarprøven. Sjølv om testsentera etter kvart fekk opna opp har me framleis testar som vert tatt via videoovervaka test, seier Bernt Nilsen, som er administrerande direktør i Norsk Test AS.

 

Overraskande høge tal

Nilsen hadde likevel ikkje forventa så stor pågang i juni, med nær 60 prosent fleire prøvar samanlikna med fjoråret.

– Nei, det var overraskande høge tal, men samstundes gledeleg at me har greidd å få gjennomført prøvar for dei fleste som har ynskt det, seier Nilsen.

Båtførarprøven er eit av dei tiltaka som Sjøfartsdirektoratet trekkjer fram som eit viktig tryggleikstiltak når ein skal på sjøen i fritidsbåt.

– Den gir viktig kompetanse som mellom anna gjer at ein kjenner vikepliktsreglane, forstår kva merkinga på sjøen tyder og klarar å lese eit sjøkart.  Sjølv om båtførarbeviset berre dokumenterer teoretisk kunnskap, er dette kunnskap som bidrar til auka tryggleik for båtførar og passasjerar dei har med seg i båten, seier Alvestad.

 

 

Jan Idar Vikse frå Haugesund er ein av dei som tok båtførerprøva i 2019. I år har rekordmange tatt prøva trass utfordringar knytta til koronasituasjonen. FOTO: SJØFARTSDIREKTORATET