MTF vurderer beredskapsnivået for fossil LNG, biometanol og grøn ammoniakk samanlikna med fossil MGO i ein ny rapport.

MFT har brukt rammeverket dei har utvikla for dekarboniseringsteknologi og alternative energiberarar (Framework for Assessing Decarbonization Technologies and Alternative Energy Carriers), som grunnlag for vurderinga av fossil MGO, fossil LNG, biometanol og grøn ammoniakk.

Dette rammeverket dekkjer åtte evalueringskategoriar: berekraft og miljø, sikkerheit, tryggleik, økonomisk moglegheit for gjennomføring, regelverk, menneske, teknologistatus og teknologi.

Den enkelte drivstofftypen er vurdert ut frå relevante kriterium. I tillegg er det evaluert kor lett det er å få tak i data som støttar vurderinga. Resultata frå vurderinga blir presenterte i form av fargediagram, noko som gjer det enklare å identifisere kritiske område. Dette er område det må jobbast meir med for at dekarboniseringa skal kunne skje raskt og i samsvar med dei globale ambisjonane frå COP 27.

Rapporten viser at når biometanol og grøn ammoniakk vert samanlikna med fossil MGO og LNG, gjer dei det betre i berekraft- og miljøkategorien, men dårlegare i andre viktige kategoriar. Dette er først og fremst fordi det ikkje finst ei verdikjede for drivstoffet til å samanlikne med. Etter kvart som regelverket veks og forskinga på biometanol og grøn ammoniakk går framover, er det forventa at desse kjem til å bli meir konkurransedyktige drivstoffalternativ.

Vurderinga viser òg at sidan vi har mangelfull informasjon om biometanol og grøn ammoniakk, er det naudsynt med fleire opplærings- og pilotprosjekt. Dette kan bidra til meir kunnskap om dei økonomiske moglegheitene som ligg i desse drivstoffløysingane, og praktisk erfaring slik at det kan byggjast ein tilpassingsdyktig og global arbeidsstokk.

Knut Arild Hareide, sjøfartsdirektør
Knut Arild Hareide, sjøfartsdirektør Foto: Inger Røsand

Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide seier følgjande om rapporten:

– Den venta og heilt nødvendige oppskaleringa for handtering av farlege drivstoff som flytande metan, metanol, ammoniakk og hydrogen, både flytande og i gassform, krev kompetansebygging og sertifisert opplæring slik at vi sørgjer for sikker dekarbonisering i skipsfarten. Samarbeidet med kollegaer frå store klasseselskap og andre flaggstatsadministrasjonar for å begynne å bruke dette rammeverket var eit viktig steg for å kunne identifisere framtidige prioriteringar og kva som trengs i den vidare utviklinga.”

Georgios Plevrakis, Vice President for Sustainability i American Bureau of Shipping (ABS), har vore den viktigaste bidragsytaren til rapporten. Han kommenterer:

– Rapporten vår understrekar behovet for samarbeid om opplæring og pilotprosjekt for alternative drivstoff om vi skal klare å oppfylle måla for dekarbonisering i næringa. Ved å bruke MTF sitt rammeverk på alternative drivstoff får vi eit svært viktig bilde av kva som er mogleg, og vi ser kvar det er hol som gjer at vi må skjerpe fokuset og spisse forskinga om vi ønskjer å utvikle drivstoffalternativ som er økonomisk og teknologisk berekraftige.

Du kan laste ned heile vurderinga ved å klikke her.

Om MTF

MTF er eit forum av flaggstatar og klasseselskap som vart etablert for å sørge for teknisk og regelverksrelatert kompetanse i den maritime næringa. Forumet har som formål å samarbeide om forsking og gjere resultata tilgjengelege for den maritime næringa, og å bruke regelverksekspertisen til å gi objektive råd til næringa. Forumet skal jobbe for å gi råd om bruk av alternative drivstoff og meir bruk av automasjon i skipsfarten. Vidare skal dei sørge for trygg testing og innføring av ny teknologi, og for å forme verdsleiande regelverk.

 

Flaggstatadministrasjonane som er med, er Maritime Bureau, Ministry of Land, Infrastructure, Transport and Tourism frå Japan, Sjøfartsdirektoratet frå Norge og Maritime and Coastguard Agency frå Storbritannia. Klasseselskapa som er med, er ABS, DNV, LR og ClassNK.