«Sjømenn» er i forskrift om innreiserestriksjoner for utlendinger av hensyn til folkehelsen § 3 første ledd bokstav j definert som følgjer:

"sjømenn, på vei til eller fra aktiv tjeneste, med ID-kort nevnt i utlendings- forskriften § 2-8 eller filippinsk «Seafarer's Identification and Record Book» eller filippinsk nasjonalitetspass nevnt i utlendingsforskriften § 3-1 bokstav j"

Når det gjeld kva som blir rekna som «kritiske samfunnsfunksjoner», viser vi til Justis- og beredskapsdepartementet si liste over dette på regjeringa sine nettsider. Vi gjer merksam på at Sjøfartsdirektoratet ikkje fattar avgjersle om kva som er «kritiske samfunnsfunksjoner».

Dei same krava til obligatorisk testing, reiseregistrering og karantene vil framleis gjelde for dei som ikkje er omfatta av innreiserestriksjonane. 

For ordens skuld blir det presisert at alle norske borgarar framleis kan reise inn i Noreg.

Endringane gjeld frå midnatt natt til fredag 29. januar 2021. Utlendingar som har byrja på ei reise til Norge før endringane trer i kraft, får likevel løyve til innreise.