Ny rigg under norsk flagg

  • Publisert: 30.08.2018

Ein oppjekkbar rigg (Jack-Up), som skal byggast i Kina for OIM Pte. Ltd., vil få norsk flagg når den blir klar til levering i 2020. BT-400PAU blir første riggen av sitt slag, då den kan handtera fleire bruksområder.

Six men in suits aurroundig a model of aan offshore rig.
SAMLA: Dei to partane ved ein  modell av riggen under ONS i Stavanger. F.v.: Olav Akselsen og Leiv Andreas Austreid frå Sjøfartsdirektoratet, Oddgeir Indrestrand, Wang Young, Kåre Anthonsen og Jiang Bing Hua frå OIM.
FOTO: Sjøfartsdirektoratet

I utgangspunktet var planen at riggen, som er tilpassa norsk og britisk sokkel,  skulle registrerast i Marshalløyene, men etter å ha vore i kontakt med Sjøfartsdirektoratet si underavdeling Flyttbare innretninger, skifta OIM meining.

- Vi var i kontakt med Sjøfartsdirektoratet med ein del spørsmål rundt lovverk og tekniske krav, og såg etter kvart at fordelane ved å flagga norsk var store. Ekspertisen til Sjøfartsdirektoratet tar hand om mange av dei tinga vi elles måtte ha brukt tid og pengar på å finna ut av, seier Oddgeir Indrestrand, President Projects & Market i OIM.

 

Gledeleg nytt

Sjøfartsdirektør Olav Akselsen er svært nøgd med at selskapet vel Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS).

- Det er svært hyggeleg at OIM vel norsk flagg til nybygget. Historia bak flaggvalet stadfestar at vi har kompetansen og erfaringa næringa etterspør, seier Akselsen, som fekk sjå ein skalamodell av riggen på OIM sin stand under ONS i Stavanger onsdag.

- Det er eit spennande nybygg, og vi set pris på at vi får ta del i prosjektet, seier Sjøfartsdirektøren.

 

Multifunksjonell

Riggen, som førebels går under namnet BT-400PAU, kan mellom anna nyttast til lett boring, samt brønnplugging. Riggen vil og bli utstyrt med ein tungløftkran, slik at den mellom anna kan driva med fjerning av plattformer (decommissioning).

Normalt sett ville ein konvensjonell oppjekkbar borerigg ha plugga brønnen. Den botnfaste plattforma ville så blitt ståande i påvente av eit tungløftfartøy til å fullføra avviklinga. Dette kan være ein svært dyr og langvarig prosess på grunn av tilgangen på spesialiserte tungløftfartøy.    Dette er det første nybygget til OIM Pte Ltd, som Oddgeir Indrestrand etablerte i 2013.

- Riggen er unik fordi ein kan gjera fleire typar operasjonar. Det som finnes i dag er standardriggar som er laga berre for boring og plugging. Vi kan i tillegg til dette  også begynna avviklingsarbeidet med ein gong , slik at ein får ein effektiviseringsgevinst, forklarer Indrestrand.

Riggen skal byggast på det kinesiske verftet CIMC Yantai Raffles, og klassast av DNV-GL.

 

Illustrasjon: OIM

Slik skal riggen sjå ut når den står klar i 2020. ILLUSTRASJON: OIM

Til toppen