Noreg klatrar på kvalitetsliste

  • Publisert: 29.06.2018 av: Kari Stautland

Frå 1. juli går Noreg opp frå 10. til 6. plass på Paris MoU si rangering av verdas flaggstatar. - Noreg har halde seg på øvste del av lista i mange år. Det stadfestar vår posisjon som eit kvalitetsregister, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Assembly meeting at Paris Mou. Men in suits sat in a meeting room.
Paris MoUer det europeiske samarbeidsorganet for hamnestatskontrollar.
FOTO: Sjøfartsdirektoratet

 

Paris MoU, som er det europeiske samarbeidet om hamnestatskontrollar, rangerer årleg verdas flaggstatar etter talet på inspeksjonar og tilbakehaldne skip.  Dei 40 flaggstatane som hamna på White List i år, har høgast snittkvalitet på skipa sine, og lågast risiko for alvorlege hendingar. 

I tillegg finnes Grey List og Black List, der kvaliteten er lågare og risikoen tilsvarande høgare. I år består Grey List av 20 flaggstatar medan 13 hamna på Black List. 

Øvst på White List tronar Frankrike, Caymanøyene (UK), Nederland, Danmark, Storbritannia og altså Noreg. På Grey List finn ein flaggstatar som Russland, Iran og USA, medan Tanzania, Togo, Komorene og Republikken Kongo ligg heilt nedst på Black List

 

 Paris MoU

  • Regional hamnestatskontroll med 27 medlemsland (EU/EØS- landa, Canada og Russland).

 

  • Hamnestatskontroll er tilsyn på utanlandske skip, og blir sett på som eit av dei viktigaste verktøya for å sikra kvaliteten på skipa som seglar på verdshava.  Tilsynet skal passa på at skipa seglar i samsvar med internasjonale reglar om tryggleik, hindring av forureining og sjøfolks arbeids- og levevilkår.

 

  • Årleg blir om lag 20.000 skip kontrollerte gjennom Paris MoU-systemet. Kontrollane blir fordelte mellom dei 27 medlemslanda, etter kor mange utanlandske skipsanløp dei har.

 

  • Paris MoU gir kvar år ut ei rangeringsliste, den såkalla «BGW list» (Black, Grey, White List), som er ei oversikt over flaggstatar som blir vurderte som kvalitetsflagg (White List), til flagg som blir vurderte som risikoflagg (Black List).

 

 

 

 

 

 

 

Til toppen