Kvart år går omlag 25.000 personar opp til eksamen i båtførarprøven. Kunnskap er viktig for å vere trygg når ein er på sjøen. I år vil nok dei fleste nordmenn feriere her i Noreg.

– Sjøfartsdirektoratet er førebudd på at fleire vil nytte fritidsbåtane sine, eller gå til innkjøp av nye båtar i år. Då er det viktig at det er mogeleg å tileigne seg naudsynt teoretisk kompetanse, seier seksjonssjef for fritidsfartøy i Sjøfartsdirektoratet, Petter Andre Søreng.

Ut juni 2020

For at testverksemda ikkje skal stoppe heilt opp grunna koronasituasjonen, vil Sjøfartsdirektoratet tillate at båtførarprøven blir gjennomført videoovervaka via internett, i ei avgrensa periode. I fyrste omgang ut juni 2020.

– Målet med denne løysinga er at dei som no har førebudd seg til å ta prøven skal få fullføra, seier Søreng.

Det er firmaet Norsk Test AS som har utvikla løysinga, og som skriv ut båtførerbevis på vegne av Sjøfartsdirektoratet. Bernt Nilsen frå Norsk Test presiserer at dette er eit godt utprøvd system som mellom anna overvaker kandidatane med to videostrømmar.

Testleiaren vil då kunne følge med på video av andletet til den som tek testen, samt sjå video av oppsettet i heimen til kandidaten.

Opptak av testen

– Testen vil bli teken opp, slik at testledar kan spole tilbake og sjå gjennom i etterkant. Dette skal sikre at det ikkje skjer juks. Vår røynsle er at denne testforma fungerer bra, og at overvakinga er vel så god her som ved ein vanleg båtførarprøve. Me vil sjølvsagt gjennomføre ein teknisk sjekk saman med deltakaren før me startar opp, for å sjå at alt fungere som det skal, legg Nilsen til.

Dersom det igjen blir mogleg med vanleg gjennomføring av testing ved fysisk oppmøte før juli, vil den nettbaserte løysinga vere eit parallelt tilbod i denne perioden.

Om ein har spørsmål om denne nye løysinga, kan ein gå inn på Norsk Test sine nettsider (ekstern side).