Det er ikkje alle som får markera ein milepæl like etter at dei har starta i ny jobb, men slik blei det altså for Monika Borge, som tok over som leiar av Skipsregistrene i desember. Skipsregistrene har ansvaret for registreringar inn og ut av Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS), Norsk Ordinært Skipsregister (NOR) og registrering av nybygg. Dei har også ansvaret for å registrera hefte knytt til skipa.

– Dette er ei kjempespanande stilling med eit viktig samfunnsoppdrag. Det er sjølvsagt mykje å setja seg inn i no i starten, og i augneblinken er hovudfokuset å læra organisasjonen å kjenna, seier Borge. Ho kjem frå stillinga som avdelingsdirektør for NAV klageinstans avdeling Bergen og har dessutan god kjennskap til offentleg forvaltning frå leiarjobbar i Tollvesenet og Skatteetaten.

Bakgrunn frå det offentlege

Den 52 år gamle juristen, som har to vaksne søner og ei 16 år gamal dotter, er ikkje er redd for ei utfordring eller to.

– I 1993 tok eg med meg gutane, som då var små, til København for å studera EU-rett. Det gjekk kjempefint, men det var ikkje så mange som gjorde slikt på den tida, så det overraska ein del folk, fortel Borge. Etter studia blei det jobb i Tollvesenet og vidareutdanning innan leiing og nedkjemping av økonomisk kriminalitet, før ho blei kontorsjef ved Bergen likningskontor.

– Deretter fekk eg eit stipend frå Nordisk Ministerråd og arbeidde ein periode i skatteetaten i København. Det var veldig interessant, fortel Borge. 

Røynde medarbeidarar

Avdelingsdirektøren viser oss smilande rundt på sin nye arbeidsplass i Nygårdsgaten 114, der dei 20 tilsette ved Skipsregistrene deler kontorareal med tilsynskontoret i Bergen. Det blir tidleg klart at mange av dei tilsette har lang fartstid i Skipsregistrene. Fleire har vore med heilt frå NIS såg dagens lys i 1987.

– Dette er ein arbeidsplass som folk blir verande i, og det er eit veldig godt teikn, seier Borge. Blant dei som har lang røynsle i arbeidet er Bjørg Ovaldsen, som har hatt same arbeidsplass sidan 1992. Fram til 2005 jobba ho mest med rekneskap, men sidan 2005 har det gått i sakshandsaming. Ovaldsen og tre kollegaer går turnus i ei vaktordning som sørger for at Skipsregistrene er tilgjengelege døgnet rundt.

– Grunnen til at me har ordninga, er at me må ta omsyn til tidsforskjellane ute i verda. Det er mange partar som er involverte i registreringsprosessar. Skipet er til dømes i Singapore, reiarlaget i eit anna land, medan bank og forsikringsforbindelsar er i eit tredje land. Dersom eit skip for eksempel skal omregistrerast frå Canada til NIS, må me vera tilgjengelege i deira kontortider for å få prosessen til å gå saumlaust. Sertifikat og utferdingar må sendast med det same, utan dette kan ikkje skipet gå frå hamn, fortel ho.

Bjørg Ovaldsen er ei av mange tilsette på skipsregistrene med lang fartstid. Ho haer hatt same arbeidsplassen sidan 1992, og likar seg framleis. Bjørg Ovaldsen er ei av mange tilsette på skipsregistrene med lang fartstid. Ho har hatt same arbeidsplassen sidan 1992, og likar seg framleis. FOTO: Sjøfartsdirektoratet

Kriblar i prosessane

Kor lang tid ein slik prosess vil ta, er umuleg å veta på førehand. Nettopp det bidreg til spenning i arbeidsdagen.

– Det kriblar litt i magen i den augneblinken du får e-posten om at skipet er klart til registrering. Det dreier seg jo ofte om verdiar for svimlande summar, seier Ovaldsen. Ho viser til at den samla panteverdien til dei norskregistrerte skipa er på over 1500 milliardar kroner.

– I dag fekk me til dømes inn eit skip med pant på over to milliardar kroner. Det er jo overveldande mykje pengar, ler ho.  

 

Får mange inn dørene

Sjølv om mykje av den daglege kundekontakten føregår på e-post og telefon, er det kundar innom kontorlokala i Bergen nesten kvar dag, fortel Marijke Taverne, som har god oversikt over aktiviteten på huset frå kontorplassen sin i resepsjonen.

– Ein får god oversikt i saksfeltet ved å jobba på servicedesken, og det er alltid hyggeleg å ta imot gjester, seier Taverne. Kontakten med kundane er noko den nye avdelingsdirektøren også ser fram til.

– I min førre jobb var kontakten utetter noko eg sakna litt, og eg ser fram til å læra den maritime næringa å kjenna, seier Monika Borge.

Velkomsten: Marijke Taverne  (t.v.) er den første besøkande til Nygårdsgaten 114 møter. Det trivest ho godt med. Marijke Taverne (t.v.) er den første personen besøkande til Skipsregistrene møter. Det trivest ho godt med.  FOTO: Sjøfartsdirektoratet

 

Artikkelen er henta frå Sjøfartsdirektoratets fagblad Navigare, som du finn her