På agendaen for møte stod blant anna spørsmål knytta til kvalifikasjonsforskrifta og regelverket som gjeld transport av farleg last. For direktoratet er dei årlege kontaktmøta ein viktig arena for både samarbeid og informasjon om kva som skjer i næringa.

Det er viktig å ha god kontakt med næringa, og dette er eit årleg møte der me går gjennom saker som dei blir utfordra på i sin kvardag. Me har og fått innspel på arbeidet som Sjøfartsdirektoratet gjer innanfor regelverk. Det har vore eit hyggeleg og konstruktivt møte, seier Sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Hurtigbåtforbundet er ein landsomfattande organisasjon. Medlemmane har til saman omlag 120 båtar i drift, i ulik storleik. Forbundet er fyrst og fremst ein interesseorganisasjon for mindre passasjerbåtrederi og selskap som drive beslekta verksemd. Forbundet har eiga nettside om ein vil vita meir om kva dei jobbar med - http://hrf.no/