Klare for å ta fatt på banebrytande prosjekt

  • Publisert: 16.08.2018 av: Kari Stautland

Sjøfartsdirektoratet får eit banebrytende og innovativt prosjekt i fanget når Yara Birkeland blir byggemeldt.

Norwegian prime minister Erna Solberg in front of a miniature version of Yara Birkeland, and several press offisers in front.
Statsminister Erna Solberg var til stades då Yara og Vard signerte kontrakten om bygginga av Yara Birkeland, onsdag 15. august.
FOTO: Sjøfartsdirektoratet

– Dette er veldig spennande. Eg håpar og trur at me kan vera med å bidra til at dette blir det første operasjonelle heilautonome skipet i verda, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

I går signerte Yara ein avtale med det norske verftet Vard om bygging av det som skal bli verdas første elektriske og sjølvkjørande containerskip, Yara Birkeland. Sjøfartsdirektoratet har tett dialog med gjødselselskapet Yara og teknologiselskapet Kongsberg, som samarbeider om prosjektet. Under oppstarten vil YARA Birkeland vera bemanna, men målet er å gå over til sjølvstendig drift etter få år. 

- Skipet vil bli byggemeldt snarleg, og då startar godkjenningsprosessane her hos oss. I utgangspunktet er sakshandsaminga ordinær, sidan skipet først skal vera bemanna, men me må heile tida ha med oss at ein ser på heilautonome løysingar på sikt, seier Svein David Medhaug, som er prosjektleiar for autonomi i direktoratet.

- Arbeidet med Yara Birkeland vil gje oss kunnskap og erfaringar som vil vera svært viktig for framtida, og vår jobb er å sørga for at skipet dekkjer krava til tryggleik på ein god måte, seier Medhaug.

Yara Birkedal vil årleg erstatta 40.000 turar med dieseldrivne lastebilar på lokalvegane mellom Brevik og Larvik.

Pressemeldinga frå Yara kan du lesa her.

Til toppen