For dei utanfor direktoratet vil omorganiseringa bli synleg ved at to fagavdelingar, Arbeids- og levevilkår og Utdanning, sertifisering og bemanning, er slegne saman til ei ny fagavdeling, som har fått namnet Sjøfolk.  I tillegg er det blitt oppretta ein seksjon for fritidsfartøy.

– Prosessen med å endra på organisasjonen har gått veldig bra, mykje takka vera godt samspel og dialog mellom arbeidsgjevar, dei tilsette og deira organisasjonar. No er alle endringane på plass, og me ser at dette vil gje betre tenester og styrkja det faglege arbeidet, seier Lars Alvestad, som er avdelingsdirektør i Fartøy og Sjøfolk. 

 

Avdeling Sjøfolk

Endringane som førte til opprettinga av avdeling Sjøfolk, heng saman med at mykje av arbeidet dei to tidlegare underavdelingane gjorde, var samanfallande. Sjølv om underavdelingane hadde eit godt samarbeid, vil det vera enklare å styra ressursane etter behov når dei ligg i ei samla eining.

Sjøfolk vil frå no av ha ansvar for personsertifikat, revisjon av skular og utdanningsinstitusjonar, arbeid med regelverk knytt til arbeids- og levevilkår og MLC (Maritime Labour Convention), i tillegg til bemanning, helsesaker og godkjenning av sjømannslegar, førebyggande arbeid, og idrettsteneste og velferd for sjøfolk.

– Ei slik samanslåing vil gje ei klar eining som følgjer opp saker relatert til sjøfolk, noko eg trur vil vera avklarande både internt, men ikkje minst ut mot kundane våre, seier Yngve Folven Bergesen, som skal leia den nye eininga.

 

Eiga fritidsbåt-eining

Ei anna endring er at ein no får ei eiga eining som skal arbeida med fritidsfartøy. Dette fagområdet har dei siste åra vore spreidd på ulike fagavdelingar i direktoratet. Ei evaluering av denne organiseringa er bakgrunn for at ein igjen får ei eiga fritidsbåteining. Dette skal både styrkja det haldningsskapande arbeidet, men og gjera det mogeleg å få ei sterkare rolle innan regelverksarbeid – til dømes standardisering og CE-merking av fritidsfartøy.

– Det har vore gjort mykje bra innan førebyggjande arbeid, sjølv om me ikkje har hatt ei dedikert eining til dette arbeidet dei siste åra. Samstundes har det vore andre fagområde innan fritidsbåt som har vore vanskelege å driva på ein effektiv måte når ansvaret har vore plassert i ulike einingar. No håpar eg at me skal få ei enda meir tydeleg rolle innan arbeidet med fritidsbåt. Når ein ser at om lag 30 personar døyr kvart år som fylgje av ulykker med fritidsfartøy, er det ikkje tvil om at dette er eit område som også vert prioritert av direktoratet, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.