– Akkurat no er me inne i ein god trend, med ein jamt høg pågang av søknader. Dersom den jamne pågangen held fram, skal me klara å nå målsetjinga før fristen for fornying av sertifikat går ut ved årsskiftet, seier Yngve Folven Bergesen. Han er leiar for underavdeling for utdanning, sertifisering og bemanning i Sjøfartsdirektoratet, og har tidlegare åtvara om at det kan bli ei opphoping av søknader til hausten.

– Året går fort, og det er lurt å vera ute i god tid dersom ein vil unngå å stå utan gyldig sertifikat i januar, påpeiker Folven Bergesen. Innan utgangen av året må nemleg alle personsertifikat må vera oppdaterte til den nye STCW-standarden (The International Convention on Standards of Training, Certification and Watchkeeping for Seafarers). Sjøfolk som ikkje har fått fornya sertifikata sine innan fristen, står utan gyldig sertifikat frå 1.1.2017.

Kompetansekrav

For å få fornya sertifikatet for maskinoffiser eller dekksoffiser, må ein dokumentera at ein fyller dei nye kompetansekrava i STCW-konvensjonen.

For mange vil dette medføra nye kurs, eventuelt at ein får kompetansen dokumentert av ein sensor før søknaden om fornying kan sendast oss i Sjøfartsdirektoratet. Konvensjonsendringane medfører også at matrosar, motormenn, skipselektrikarar og skipselektrikaroffiserar må løysa sertifikat.

Auka bemanninga

For å komma den store søknadsmassen i møte, har Sjøfartsdirektoratet mellombels auka talet på tilsette som jobbar med desse sakene.

– I tillegg til dei som arbeider med sertifikat til vanleg, har me fem nye i full sving. Det kjem truleg to til før sommaren, seier Folven Bergesen. Mannskapsauken bidreg til at Sjøfartsdirektoratet har klart å halda sakshandsamingstida nede.

– Handsamingstida ligg i snitt på rundt tre veker etter at me har fått inn betalinga. Totaltida frå søknadene kjem inn til sertifikata blir sendt ut, er rundt seks veker. Dette skuldast at det i ein del tilfelle tar litt tid før betalinga kjem inn, forklarer Folven Bergesen.