Det er krav til at kvar redningsflåte, eller gruppe av flåter, skal stuast med eit friflyt-arrangement (hydrostatutløysar) slik at kvar av dei flyt fri og bles seg opp automatisk dersom skipet synker.

Redningsflåte.
Redningsflåte. Foto: Privat

Sjekk at flåtane om bord er montert korrekt. Dette er særleg viktig etter at flåtane har hatt service og skal monterast tilbake i skipet, seier Anita Strømøy, som leier Sjøfartsdirektoratets kompetanseforum for redning.

Dersom det er tvil om korleis flåte og hydrostatutløysar skal festast må det søkast informasjon om  dette før skipet går frå kai.  

Videoar og steg-for-steg instruksar frå leverandør er nyttige hjelpemiddel som er lett tilgjengelege på internett.