I sommar arrangerer Sjøfartsdirektoratet igjen ein fotokonkurranse for fritidsbåtfolket. Alle som ønskjer kan delta i konkurransen.  Vi tek imot alt fra bestefars mobilfoto frå fisketuren, tantes speilrefleksbilete frå seilbåtturen eller barnas skråblikk på verda i båt, så her er det berre til å knipsa i veg når motiva byr seg.

-Målet vårt er at folk skal ha det triveleg på sjøen, og då er god tryggleik viktig om ein skal sikra seg gode minner frå sjøen, seier fungerande Sjøfartsdirektør Lars Alvestad. Det er desse fine turane me ønskjer å få tilsendt bilete frå.

Resultatet av konkurransen blir kunngjort på Sjøfartsdirektoratets sider i september, og fristen for å sende oss bilete er 15. august.
 

Premiar:

1.plass:  Gåvekort på 5000 kroner og ein flytevest
2.plass:  Gåvekort på 2000 kroner og ein flytevest
3.plass:  Flytevest
4. – 10.plass:  Kopp med trykket «Ekte kapteiner drikker kaffe»


Viktig: 

• Send berre digitale bilete
• Bileta skal sendast til hmsu@sdir.no innan 15. august.
• Maks fem bilete per deltakar
• Bileta må vera i høgaste oppløysing
• Merk sendinga tydeleg med fotografen sitt namn, adresse og telefonnummer
• Sjøfartsdirektoratet har rett til å publisera innsendte bidrag i Sjøfartsdirektoratets publikasjonar. Dersom ein kan identifisera personar på bileta må dei vera gjort kjende med dette.


TIDLEGARE BLINKSKOT: Dette velkompomponerte sommarbiletet blei vinnaren av den siste fotokonkurransen for fritidsbåtfolket, som var i 2019. FOTO: Sidsel Tønnesen